- Antimålgruppe
- Gruppa løysinga medvite ikkje er laga for. Hjelper dykk å seie nei.
- Brukaroppgåve
- Det brukaren kjem for å gjere eller få svar på. Blir gjerne skriven i første person. Les meir
- Deling
- Øving der to kjernepar snur seg mot kvarandre og forklarer kva dei har gjort. Les meir
- Fiksedag
- Ein dag rett etter verkstaden der de gjennomfører tiltaka saman.
- Gjennomføringsgrad
- Delen som får løyst oppgåva si. Eitt av dei beste måla for ein kjerne.
- Handlingskort
- Kort med fire felt: kva, korleis, kven og når. Det viktigaste resultatet av ein verkstad. Les meir
- Hovudetasjen
- Den nedste rada i kjernearket: vegar inn, kjerneinnhald og vegar vidare. Les meir
- Kjerne
- Det beste svaret på ei konkret brukaroppgåve som samtidig når eit mål. Kan vere ei side, eit skjema, ein video eller ein samtale.
- Kjerneark
- Arket med dei seks felta i kjernemodellen. Eitt per kjerne. Les meir
- Kjerneflyt
- Ei organisk kundereise mellom fleire kjernar, kopla med vegar inn og vegar vidare.
- Kjerneinnhald
- Feltet der de konkretiserer løysinga: prinsipp, innhaldselement, kanal og funksjonalitet. Les meir
- Kjerneområde
- Ei gruppe kjernar som høyrer saman, for eksempel ein seksjon eller ei stor brukaroppgåve.
- Kjernepar
- To deltakarar som fyller ut eit kjerneark saman. Éin som kjenner temaet, éin som ser det utanfrå. Les meir
- Kjernesprint
- Prioriteringsverkstad og kjerneverkstad, følgt av ein fiksedag.
- Kjerneverkstad
- Workshopformatet der kjernepar fyller ut kjerneark og lagar handlingskort. Les meir
- Mikrostrategi
- Strategien teken ned på jorda for éin kjerne eller eitt område, med konkrete måltal.
- Mobilprioritering
- Øving der løysinga blir konkretisert innanfor ein mobilskjerm, med ekte ord i ekte storleik. Les meir
- Mål for løysinga
- Det verksemda vil oppnå med kjernen. Konkret, målbart og ikkje eit verkemiddel. Les meir
- Målgruppe
- Den prioriterte gruppa kjernen er laga for, gjerne skildra som eitt konkret menneske. Les meir
- Next action
- Det neste konkrete steget som fører eit større tiltak vidare.
- Parskriving
- To som skriv teksten saman, gjerne ein fagperson og ein innhaldsprodusent.
- Prioriteringsverkstad
- Verkstaden før kjerneverkstaden: innsikt, strategi, mål, målgrupper, toppoppgåver og val av kjernar. Les meir
- Scenario
- Ei skildring av situasjonen brukaren er i når behovet oppstår. Startpunktet for vegar inn.
- 6-opp
- Idédugnad der kvar deltakar lagar seks idear på seks felt, to minutt per idé. Les meir
- Steling
- Øving der para går rundt i stillheit og stel idear frå kvarandre. Les meir
- Toppetasjen
- Den øvste rada i kjernearket: målgruppe, brukaroppgåver og mål. Les meir
- Toppoppgåver
- Dei få brukaroppgåvene som betyr mest for flest. Metode frå Gerry McGovern.
- Vegar inn
- Korleis brukarane finn fram til kjernen: søk, KI, lenker, kampanjar, fysiske kontaktpunkt. Les meir
- Vegar vidare
- Kva som skal skje etter kjernen, for brukaren og for måla. Éin tydeleg knapp. Les meir