Målgruppe
Kven lagar vi løysinga for?
Frå boka- Kven er den prioriterte målgruppa i strategien?
- Kva seier brukarinnsikta?
- Kva målgruppe er mest relevant for kjernen du jobbar med?
- Er det trekk ved situasjonen som gir ein betre innfallsvinkel?
I verkstaden- Beskriv eitt konkret menneske: namn, alder og nokre kjenneteikn.
- Korleis er det å vere denne personen akkurat no?
- Kven er det ikkje laga for (antimålgruppe)?
Les meir om målgruppe
Brukaroppgåver
Kva kjem brukarane for å gjere?
Frå boka- Kva kjem brukarane for å gjere?
- Kva spørsmål ønsker dei svar på?
- Kva er dei viktigaste spørsmåla?
- Kva oppgåver er det få, eller ingen, som etterspør?
- Blir oppgåvene påverka av situasjonen brukarane er i?
- Kva ville du sjølv lurt på i ein tilsvarande situasjon?
- Er det du kjem fram til, basert på brukarinnsikt, eller er det gjetting og ønsketenking?
I verkstaden- Kan du gi meg ei veldig konkret oppgåve?
- Kva spørsmål står og fell alt på?
- Kva seier kundeservice at folk oftast spør om?
Les meir om brukaroppgåver
Mål for løysinga
Kva vil vi oppnå?
Frå boka- Kva strategiske mål er mest relevante?
- Kva er det realistisk å få til?
- Heng måla saman med kva brukarane ønsker?
- Har du tatt med berekraftsmål for løysinga?
- Har du sjekka om målet eigentleg er eit verkemiddel?
I verkstaden- Kvifor? (Spør fem gonger.)
- Kan du sette «fleire» eller «færre» framfor?
- Korleis veit vi om vi har lukkast om tre månader?
Les meir om mål for løysinga
Vegar inn
Kva er brukaren sin innfallsvinkel?
Frå boka- Kva er brukaren sin innfallsvinkel?
- Kvar er brukaren før han eller ho kjem til deg? Kva er steget før dette i kundereisa?
- Viss du jobbar med eit intranett: Kva andre sider og fagsystem bør peike til denne kjernen?
- Kva andre aktørar eller samarbeidspartnarar har overlappande brukarar og brukarbehov?
- Viss du jobbar i det offentlege: Kva andre tenester heng saman med det du jobbar med, og korleis kan de samarbeide for å gjere opplevinga saumlaus?
- Finst det heilt andre måtar å komme seg til kjernen på?
I verkstaden- Kvar er personen fysisk, mentalt og digitalt når behovet oppstår?
- Kva skriv dei i Google, og kva spør dei ChatGPT?
- Kva kanalar kontrollerer vi sjølv?
Les meir om vegar inn
Kjerneinnhald
Kva er den beste løysinga?
Frå boka- Har brukaren ekstremt låg motivasjon? Då bør du sjekke om det er mogleg å gjere det enda enklare.
- Har brukaren høg motivasjon? Då kan du kanskje tillate deg fleire element eller lengre tekstar.
- Løyser du dei viktigaste brukaroppgåvene?
- Har du prioritert gode handlingsdrivarar?
- Har alle elementa i løysinga ein funksjon?
- Er det du lagar, forståeleg for andre?
- Har du valt rett kanal? Kva kanalar føretrekker brukaren?
- Bør noko endrast i dei andre felta? Gå fram og tilbake til heile modellen heng saman.
- Oppdagar du ein ny kjerne eller ei flyt mellom fleire kjernar?
I verkstaden- Kva er det aller viktigaste elementet viss de berre kunne velje eitt?
- Kva er den enklaste måten å gjere det på?
- Korleis ser første skjerm ut, med ekte ord?
Les meir om kjerneinnhald
Vegar vidare
Kva skal skje etterpå?
Frå boka- Kva er dei konkrete handlingane brukaren må utføre for at du skal nå måla dine?
- Kva er motivasjonen til brukaren for å komme til tenesta di?
- Kva er handlingsrommet du har for å påverke?
- Kan du stå inne for vala du gjer om korleis du vil påverke?
- Er det mogleg å måle om brukarane gjennomfører handlingane du ønsker?
I verkstaden- Kva knapp vil du at brukaren skal trykke på, og kva skal det stå på han?
- Kva er den neste kjernen?
- Kva skal skje i morgon, neste veke, neste år?
Les meir om vegar vidare
Sjekkliste for gode mål
Konkret
Ikkje «betre kommunikasjon», men «fleire søknader om barnehageplass».
Målbart
Viss du kan telle det, er det eit mål.
Realistisk, men ambisiøst
Noko de faktisk kan påverke med denne kjernen.
Prioritert og tidsavgrensa
Kva er viktigast, og når skal det vere nådd?
Ikkje eit verkemiddel
«Brukarvennleg» og «klart språk» er verkemiddel. Spør kvifor.
Knytt til strategien
Leiinga må kjenne att målet frå strategien.
Nesten alle mål kokar ned til tre typar: auke inntektene eller bruken, redusere utgiftene eller auke effektiviteten, og auke tilfredsheita eller styrke merkevara.