Kort oppsummert
- For å kunne bruke løysinga di må brukaren først finne ho. Altså må du ha gode vegar inn.
- Det er ikkje du, men brukaren som bestemmer både kanalen og vegen inn til tenesta di. Han eller ho kan velje å google, spørje på Facebook eller klikke på ei lenke.
- Vegen inn som blir vald, er basert på den aktuelle brukaroppgåva og åtferdsmønstera brukaren har frå før.
- For å lage gode vegar inn må du sette deg inn i konteksten til brukaren, og gjere det enkelt for han eller ho å finne fram til løysinga di når behovet oppstår.
- For ein nettstad handlar vegar inn som regel om å få fleire besøkande (drive trafikk) til løysinga gjennom god marknadsføring, søkemotoroptimalisering og informasjonsarkitektur.
- I andre samanhengar kan det handle om tilvising frå andre menneske, sosiale medium eller interne fagsystem.
- Det kan også finnast andre vegar inn, for eksempel tilvising frå andre menneske eller via andre digitale tenester.
Kontekst og scenario
Konteksten til brukaren handlar mellom anna om: Kvar er brukaren rent fysisk? Kvar er han eller ho digitalt? Er dei på mobil, laptop eller desktop? Er dei stressa, forvirra eller motiverte?
Scenario for bilforsikring
Scenario 1
- Brukaren sit i sofaen og ser på TV. Ho ser eit innslag frå Forbrukerinspektørene om stor variasjon i prisar på bilforsikring, og bruker mobilen til å søke "prisar bilforsikring". Lett distrahert fordi ho ser på TV samtidig.
Scenario 2
- Sit ved stovebordet med sambuaren og går gjennom forsikringar. Fokusert.
Søkeord/triggarord
Søkeorda til brukaren er viktige for søkemotoroptimalisering, men også for å forstå meir om korleis brukarane tenker, og korleis kjerneinnhaldet bør utformast.
Du bør derfor tenke på søkeord sjølv om løysinga ikkje er digital.
Søkeord for bilforsikring
- bilforsikring + billig, best i test, samanlikne, erfaringar, billigast
Eigne kanalar
Du har fleire eigne kanalar til rådigheit som kan trigge eller leie brukaren til tenesta di. Øvinga handlar om å finne dei viktigaste, og komme opp med gode idear til korleis dei kan bli betre.
Eigne kanalar for bilforsikring
- Nyheitsbrev til bankkundar
- Innhaldsmarknadsføring: "Dette betyr dei vanskelege omgrepa i forsikringsvilkåra"
Eigen nettstad
Nettstaden er truleg ein av dei viktigaste kanalane du har. Er det kanskje ei anna side på nettstaden som er ein naturleg veg inn til løysinga du jobbar med? Dei aller viktigaste brukaroppgåvene bør vere prioriterte på framsida.
Eigen nettstad for bilforsikring
- Prioritert inngang frå framsida
- Prioritert i oversikta over alle forsikringar
- Tips om å samle forsikringar på Mi side om bustadforsikring
Andre vegar inn
Utover dine eigne kanalar, på kva andre måtar kan brukarane tenkast å finne fram til tenesta di? Og korleis kan du jobbe for å vere synleg i desse kanalane?
Parkeringsbot for NMBU
Då Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) jobba med Vegar inn for ei side om parkering på intranettet, fann dei ut at ein viktig veg inn kunne vere parkeringsbota folk fekk når dei hadde parkert feil.
Ved å legge inn ei kortlenke til intranettet frå parkeringsbota kunne dei informere slik at folk slapp å feilparkere ein annan gong.
- Andre vegar inn
Parkeringsbot
Slik gjer du det
- Sjå for deg eit par realistiske scenario med ulike fysiske, mentale og digitale kontekstar for bruk.
- Finn ut kva søkeord folk ville brukt for å finne løysinga di.
- Tenk gjennom kva av dine eigne kanalar (nettsider, sosiale medium, innhaldsmarknadsføring osv.) som burde leie hit.
- Sjekk om det kan finnast andre måtar å leie brukarane til rett stad på.
Gode spørsmål
- Kvar er brukaren før han eller ho kjem til deg? Kva er steget før dette i kundereisa?
- Viss du jobbar med eit intranett: Kva andre sider og fagsystem bør peike til denne kjernen?
- Kva andre aktørar eller samarbeidspartnarar har overlappande brukarar og brukarbehov?
- Viss du jobbar i det offentlege: Kva andre tenester frå offentlege, private og frivillige aktørar heng saman med det du jobbar med? Korleis kan de samarbeide tettare for å gjere opplevinga saumlaus for brukarane?
- Finst det heilt andre måtar å komme seg til kjernen på?
Tips for fasilitering
- Lag relevante titlar for dei enkelte elementa i malen, slik at du leier deltakarane inn på rett spor. For eit intranett kan stikkorda for eksempel vere: Scenario, fagsystem, intranettsider, andre vegar inn.