Kjernemodellen

Brukaroppgåver

Kva kjem brukarane for å gjere?

Kort oppsummert

  • Brukaroppgåvene er det brukaren kjem til løysinga di for å gjere. Det er problema dei vil løyse, handlingane dei vil utføre og spørsmåla dei vil ha svar på.
  • Start med å fylle ut dei viktigaste brukaroppgåvene for temaet du jobbar med, og finn spørsmåla som høyrer til.
  • Brukaroppgåvene skal vere baserte på reell brukarinnsikt.
Eksempel på brukaroppgåver

For ein nettbutikk kan brukaroppgåvene vere å vurdere kvaliteten på eit produkt, samanlikne det med produkta til konkurrentane, og eventuelt kjøpe viss det kjennest rett. Etter kjøpet kan det vere å returnere produktet viss det var feil, eller å få det reparert viss det har gått i stykke.

For kommunale tenester er ei typisk oppgåve å finne opningstidene for det lokale biblioteket, symjebassenget eller renovasjonsanlegget. Det kan også vere å finne fram, sjekke prisar og finne ut når det eventuelt er kø.

Brukaroppgåver for bilforsikring

Nokre typiske brukaroppgåver og spørsmål knytte til bilforsikring:

  • Samanlikne prisar og vilkår
  • Kva kostar det?
  • Kva får eg?
  • Får eg leigebil med ein gong?
  • Kjøpe bilforsikring
  • Kva type forsikring skal eg velje?
  • Bør eg betale årleg eller månadleg?
  • Kontakte kundeservice
  • Kva betyr vilkåra?
  • Treng eg Premium?
  • Er tilhengar dekt? Kva med campingvogn?

Slik gjer du det

  • Ta utgangspunkt i det du har av kvalitativ og kvantitativ brukarinnsikt.
  • Skriv ned dei viktigaste brukaroppgåvene for kjernen du jobbar med, i prioritert rekkefølge.
  • Finn dei viktigaste spørsmåla som er knytte til kvar oppgåve.
  • Set deg inn i ståstaden til brukaren, bruk sunt vit, og prøv å stille dei same spørsmåla som han eller ho ville gjort.

Gode spørsmål

  • Kva kjem brukarane for å gjere?
  • Kva spørsmål vil dei ha svar på?
  • Kva er dei viktigaste spørsmåla?
  • Kva oppgåver er det få – eller ingen – som spør etter?
  • Blir oppgåvene påverka av situasjonen brukarane er i?
  • Kva ville du sjølv lurt på i ein tilsvarande situasjon?
  • Er det du kjem fram til, basert på brukarinnsikt, eller er det gjetting og ønsketenking?

Djupneintervju

Kundereise

Toppoppgåver og gjennomføringsgrad

Jobs to be done

Brukartesting

Nyheitsbrev

Få fagstoff om kjernemodellen og kvardagsinnovasjon med KI

Nye malar, eksempel frå kjerneverkstader og praktiske KI-grep, rett i innboksen. Vil du heller lese boka? Første kapittel er gratis.

Fagstoff om kjernemodellen og kvardagsinnovasjon med KI, nokre gonger i månaden. Du kan melde deg av når du vil.

Are Halland Kontakt

Snakk med Are

Lurer du på korleis de kan bruke kjernemodellen, eller treng de hjelp med ein kjerneverkstad? Ta ein uforpliktande kaffiprat.