Kjernemodellen

Kjernemodellen i bruk

Eksempel på korleis kjernemodellen kan brukast i ulike samanhengar.

Oppstart av utviklingsprosjekt

Den vanlegaste måten å bruke kjernemodellen på er å bruke kjerneverkstaden som oppstartsaktivitet i utviklings- eller redesignprosjekt.

Fordelane med dette er mellom anna at

  • alle involverte får eit felles syn på brukarbehov, strategi og kundereise
  • ved å tenke konkret tidleg i prosessen blir det mindre uklart seinare
  • ein etablerer eit felles språk for samhandling vidare i prosjektet
Kickoff i redesignprosjekt (Kreftforeningen)

Ein interesseorganisasjon vi jobba med, hadde eit avsendarorientert nettstad:

  • Avdelingane for kommunikasjon, innsamling og fag «eigde» kvar sin seksjon i hovudmenyen.
  • Framsida var eit virvar av uprioriterte nyheiter, kampanjar og bannerar.
  • Innhaldet var fragmentert og hadde låg kvalitet.
  • Nettstaden leverte ikkje på dei overordna strategiske måla.

Prosjektteamet hadde eit uttalt mål om å jobbe brukarfokusert, men sleit med å få med seg resten av organisasjonen. Dei ulike avdelingane hadde ulike forventningar til kva den nye nettstaden skulle vere:

  • Kommunikasjonsavdelinga såg for seg ein nyheitsbasert nettstad.
  • Innsamling ville jobbe kampanjebasert.
  • Fagavdelingane ønskte seg eit informasjonstungt «leksikon».
  • Leiinga mangla forståing av kva nettstaden eigentleg skulle gjere.

Kjernemodellen endra dette tankesettet. Etter å ha jobba saman i ein heildags kjerneverkstad, sat dei ulike avdelingane att med ei felles forståing av kva prioriteringar som måtte gjerast:

  • Kommunikasjon innsåg at brukarane ikkje var ute etter nyheiter, men hadde konkrete spørsmål dei ville ha svar på.
  • Innsamling såg samanhengen mellom å levere verdi til brukarane først, og så be om pengar etterpå.
  • Fagavdelingane skjønte at dei måtte avgrense seg til å svare på brukarbehov, og ikkje lesse nettstaden full av alt dei sjølve kunne.
  • Leiinga såg at nettstaden var ein strategisk viktig kanal som kunne bidra til å nå overordna mål.

Prosjektteamet hadde i tillegg fått eit felles referansepunkt i kjernearka som dei kunne vise tilbake til seinare i prosjektet. Designarar og utviklarar hadde også starta på dei viktigaste elementa i designbriefen og den funksjonelle spesifikasjonen, i tett samarbeid med interessentane i prosjektet.

The Core Model: Designing Inside Out for Better Results (Ida Aalen, A List Apart)

Oppstart med kjernesprint (tenkt eksempel)

Eit konsulentbyrå har fått i oppdrag å redesigne nettstaden til ein frivillig organisasjon. Budsjettet er trongt og tidsskjemaet er stramt, så dei måtte utnytte tida og ressursane optimalt. Løysinga vart å gjennomføre ein kjernesprint over to dagar:

Dag 1 gjennomfører dei ein kombinasjon av prioriterings- og kjerneverkstad, der dei prioriterer dei viktigaste sidene og legg grunnlaget for eit innhaldskonsept i fellesskap.

Dag 2 jobba byrået med å designe og utvikle dei viktigaste modulane i publiseringssystemet. Samtidig hjelper innhaldsrådgjevarar kunden med å parskrive innhaldet rett inn i publiseringssystemet.

På slutten av dag 2 har dei dermed ein 50 % ferdig nettstad. Det er framleis behov for å finpusse innhald, design og funksjonalitet, men både byrået og kunden har ei felles forståing av konsept og prioriteringar som kan gjere det vidare samarbeidet enklare.

Reorientering i tverrfaglege team

Kjernemodellen fungerer godt som eit hjelpemiddel for å få tverrfaglege team til å løfte blikket, sjå samanhengar og sjekke mot interessentar, brukarbehov og overordna prioriteringar på ein rask og enkel måte. Ved å zoome inn på éi kjerne om gongen ser dei nok av samanhengen til å kunne gjere betre prioriteringar.

Reorientering i tverrfagleg team (eit tenkt eksempel)

Eit tverrfagleg team i ein offentleg etat har som oppdrag å jobbe førebyggande mot ei spesifikk målgruppe. Det største problemet dei har, er at det er uklart kva dette eigentleg inneber. Teamet set derfor i gang med det mest nærliggande, nemleg å legge til funksjonalitet i den eksisterande løysinga. Tankegangen er at det er betre å lage noko og teste det ut enn å berre sitte og fintenke.

Teamet har høg produktivitet, men blir etter kvart usikre på om dei faktisk skaper verdi for brukarane. Det sniker seg inn ein mistanke om at dei ikkje jobbar med dei rette tinga, og dei treng ei reorientering. Teamet kallar derfor inn til ein kjerneverkstad med teamdeltakarane og produkteigaren. I tillegg tek dei med ein analytikar og ein medarbeidar frå kundesenteret.

I løpet av kjerneverkstaden blir det tydeleg at det grunnleggande problemet er at brukarane ikkje er interesserte i førebyggande informasjon i det heile. Derimot har den same målgruppa mange brukaroppgåver og spørsmål knytte til varsling og lovpålagd rapportering, som to andre team har som ansvarsområde.

Gjennom å tenke vegar inn og vegar vidare innser dei at varsling og rapportering kan vere naturlege vegar inn til førebygging. Ein ny moglegheit dukkar opp: Er det mogleg å dulte brukarane frå dei andre tenestene og vidare til førebygging?

Ved å ta utgangspunkt i brukaroppgåvene knytte til varsling og rapportering, ser dei også korleis den førebyggande informasjonen må utformast. Alt dette gir gode idear og ei tydelegare retning som er meir i tråd med brukarbehova og strategien.

Teamet køyrer seinare også kjerneverkstader saman med dei andre teama og med eksterne aktørar. Summen av dette er at alle får eit stadig tydelegare bilete av korleis produkta og tenestene deira må henge saman for brukarane.

Innhaldsforvaltning

Har du ein stor og uoversiktleg nettstad eller eit intranett, kan kjernemodellen hjelpe deg med innhaldsforvaltning på fleire måtar:

  • finne ut kva som er viktig innhald ut frå brukarbehov og strategi
  • formidle verdien av godt innhald og skape forankring og eigarskap
  • prioritere og kvalitetssikre innhald i det daglege
  • samarbeide om å utvikle nytt innhald
  • få fram verdien i å slette unødvendig innhald

I tillegg til kjerneverkstader som oppstartsaktivitet i design- og utviklingsprosjekt, er dette tre vanlege måtar å bruke modellen til innhaldsforvaltning på:

  • kvalitetssjekk for å seie nei til tilfeldige innhaldskrav
  • eit hjelpemiddel for å halde tråden i redaksjonsmøte
  • rydde i eksisterande innhald ved å finne kjernane og slette resten
Kvalitetssikring av innhald

Mange nettredaktørar har etter kvart teke i bruk variantar av kjernemodellen for å kvalitetssikre nytt innhald. Mellom anna ber eit statleg direktorat alle som vil publisere nytt innhald på nettstaden, om å fylle ut eit «søknadsskjema» der dei må svare på spørsmåla i kjernemodellen:

  • Kva handlar dette om?
  • Kven skal lese det?
  • Kva spørsmål og brukaroppgåver løyser innhaldet?
  • Kva strategiske mål støttar innhaldet?
  • Korleis skal brukarane finne innhaldet?
  • Kva skal brukarane gjere vidare?
  • Kva innhald løyser problemet, og kvifor er nettstaden den rette kanalen?

Ved å tvinge bestillaren til å svare på desse spørsmåla, gjer nettredaksjonen dei meir bevisste på kva nettkommunikasjon eigentleg handlar om. Ofte finn dei sjølve ut at det ikkje var så viktig likevel.

Last ned mal for «søknadsskjema» med kjernemodellen

Redaksjonsmøte i nettredaksjon (Kreftforeningen)

Ein interesseorganisasjon hadde gjennomført eit redesign (sjå eksempelet over) der dei hadde laga godt prioriterte nettsider med høg kvalitet. For å halde oppe kvaliteten over tid og sikre at nytt innhald heldt same standard, brukte nettredaksjonen kjernemodellen som fast sjekkpunkt i redaksjonsmøta sine.

For dei viktigaste kjernesidene hadde dei ein oppdatert, digital versjon av det opphavlege kjernearket som dei brukte til å sjekke om dei var på rett veg.

Kvar gong dei skulle gjere nyutvikling, fylte dei først ut eit kjerneark i møtet.

Rydding av innhald

I eit fagforbund vi jobba med, var medlemsfordelane noko av det viktigaste for medlemmene, men det var vanskeleg å finne ei samla oversikt på nettstaden. Årsaka var at dei enkelte medlemsfordelane var publiserte som separate nyheitsartiklar. For å løyse problemet gjennomførte dei ein kjerneverkstad for å lage ei samla oversikt over medlemsfordelane. Etter at den nye sida var publisert, sletta dei alle dei gamle artiklane. Dermed vart det enklare for medlemmene å finne fram.

Gradvis redesign

Ein måte å møte problemet med nyttelause redesign kvart 3.–5. år på, kan vere å redesigne nettstaden eller intranettet éin og éin kjerne om gongen. Finn kjernane dine, start med dei viktigaste, rull ut dei nye sidene og sørg for å slette sidene som dei nye kjernane erstattar.

Gradvis redesign for Telenor

Telenor redesigna for nokre år sidan heile nettstaden sin eitt og eitt område om gongen. Dei byrja med eit viktig produktområde, og brukte kjernemodellen til å løyse dei viktigaste brukaroppgåvene gjennom gode kjernar.

Her er nokre av resultata:

  • Dei sletta 80% av sidene for produktområda, og løyste alle dei viktigaste brukaroppgåvene på éi produktside. Som eit resultat auka salet med 80%.
  • Her kopla dei også inn dei viktigaste spørsmåla frå kundeservice, fordi brukaroppgåvene hang saman. Dei endra også organiseringa rundt, slik at kundeservice og produktavdelinga byrja å samarbeide om å oppdatere sidene.
  • Dei rulla også ut eit heilt nytt design på nokre få sider utan at nokon reagerte på at det såg annleis ut enn resten av nettstaden. (Folk har jo uansett fokus på innhaldet og brukaroppgåva, og ser truleg ikkje dei andre sidene likevel.)
  • Då dei var ferdige med eitt produktområde, heldt dei fram til det neste, og over tid hadde dei redesigna heile nettstaden.

Dersom du jobbar på denne måten, og i tillegg utviklar og justerer eit felles designsystem, vil du som regel ikkje ha behov for å gjere eit komplett redesign av tenesta.

Kundereiser og kjernemodellen

Kjernemodellen fungerer godt saman med kartlegging av kundereiser. Dette kan for eksempel gjerast ved å ta utgangspunkt i eit kontaktpunkt eller ein fase i kundereisa og behandle desse som kjernar.

App-design basert på kundereise (Stikkut)

To friluftsråd på Nordvestlandet skulle utvikle ein app for eit populært turorienteringskonsept kalla Stikkut. Basert på brukarinnsikt hadde dei laga ei enkel brukarreise for turopplevinga, som bestod av fasane planlegge tur, gå på tur, registrere turmål og etter turen.

Kvar av fasane vart ein kjerne i ein heildags kjerneverkstad med prosjektdeltakarane og andre nøkkelpersonar. Blant deltakarane var prosjektleiar, turkoordinatorar, utviklarar, designarar og leiaren for friluftsrådet. I tillegg tok dei med fleire eksterne interessentar – både ein lokalpolitikar og fleire sluttbrukarar.

kjernepar stikkut

Eit kjernepar jobbar med kjernen for Gå på tur med ein persona og eit relevant utsnitt av kundereisa.

Dei hadde i tillegg laga tre ulike personaer. Kvart av kjernepara kunne dermed jobbe med kvar sin persona og kvar sin fase av kundereisa. På tvers av personaene kom kjernepara fram til omtrent dei same svara:

  • Planlegge tur vart ei oversikt og søk etter turar.
  • Gå på tur vart eit enkelt kart med sporing.
  • Registrere turmål vart pling-registrering med variabel belønning (sjå Hook-modellen).
  • Etter turen vart poengoversikt, etterregistrering av born og forslag til nye turar.

Her er nokre av resultata av kjerneverkstaden:

  • Prosjektteamet og nøkkelpersonane hadde ei felles forståing av kva prioriteringar som måtte gjerast.
  • Kundereisa, Vegar inn og Vegar vidare hjelpte dei å sjå korleis appen, nettsidene og utforminga av sjølve turpostane kunne henge saman for brukarane.
  • Designarar og utviklarar hadde fått gode briefar og ei breiare forståing av problemstillingane.
  • Sluttbrukarane kom med innspel som prosjektteamet hadde oversett.

Koordinering av marknadsaktivitetar

Mange verksemder samarbeider med mange ulike byrå om innhaldsmarknadsføring, reklame, design og utvikling.

Ein måte å forankre og koordinere bodskapen i ulike kanalar på, kan vere å arrangere ein kjerneverkstad med for eksempel byråa, nettredaksjonen, kundeservice og produktsjefane. Kundeservice kan bidra med gode idear til innhaldsmarknadsføring, reklamebyrået kan koordinere kampanjar med landingssider på nettstaden, og produktsjefane kan få gode innspel til produktstrategien.

Resultatet kan bli meir strategisk fundert kommunikasjon og betre samanheng mellom produkt, kampanjar, artiklar, nettstaden og sosiale medium.

Kundeservice på tvers av kanalar

Ei utfordring mange opplever, er at kundane tek kontakt i ulike kanalar – nettstaden, chatboten, Facebook osv. – men svara dei får, er dårleg koordinerte mellom kanalane. Dette kan skje sjølv om spørsmåla dei har – brukaroppgåvene – ofte er dei same i alle kanalane.

Ein måte å rydde opp i dette på kan vere å finne ut kva som er dei aller viktigaste spørsmåla/brukaroppgåvene, og køyre kjerneverkstad på tvers av kanalar, avdelingar og nivå i organisasjonen. Ta utgangspunkt i svaret på dei prioriterte spørsmåla og svar i fellesskap på kvart enkelt spørsmål så godt som mogleg. Korleis kan svara koordinerast best mogleg på tvers av kanalane?

Måling og justering med toppoppgåver

Kjernemodellen, toppoppgåver og gjennomføringsgrad er tilnærmingar som passar saman som hand i hanske.

Gjennom ei toppoppgåveundersøking kan du finne ut kva kjernar du bør jobbe med, og ved å måle gjennomføringsgraden på oppgåvene ser du om endringane du gjer, fungerer eller ikkje.

Måling av toppoppgåver og gjennomføringsgrad

Eit forsikringsselskap tok utgangspunkt i webstatistikken, søkeloggen og loggen over førespurnader til kundeservice. Basert på dette laga dei ein oversiktleg struktur over dei viktigaste brukaroppgåvene. Så la dei ut ei enkel måling på nettstaden ved hjelp av verktøyet Task Analytics.

Denne undersøkinga fungerer slik:

  • Ei popup-undersøking på nettsidene spør brukarane om dei vil vere med på ei undersøking.
  • Viss dei svarer ja, blir dei bedne om å prøve å gjennomføre det dei kom for, og så svare på undersøkinga når dei er ferdige eller har gitt opp.
  • Til slutt kryssar dei av for kva brukaroppgåve dei kom for å løyse, og svarer på om dei fekk gjennomført oppgåva.
  • Dei som seier at dei ikkje har fått gjennomført ho, får også spørsmål om kva som var årsaka til problemet, og kva dei eventuelt gjorde i staden.
  • I tillegg fangar undersøkinga opp kva målgruppe respondentane høyrer til.

Resultatet er eit oversiktleg dashbord som viser etterspurnad og gjennomføringsgrad for alle dei viktigaste brukaroppgåvene – toppoppgåvene.

Med utgangspunkt i desse tala ser dei no tydeleg kva område av nettstaden som fungerer, og kva som ikkje gjer det. Dermed kan dei prioritere dei viktigaste kjernane sine og fikse dei éi om gongen.

Den vanlegaste framgangsmåten for å forbetre kjernane er først å gjennomføre ein brukartest av oppgåva og deretter køyre ein kjerneverkstad med designarar, utviklarar, avgjerdstakarar, folk med brukarinnsikt og andre interessentar. Etterpå blir tiltaka prioriterte med handlingskort, og endringane blir gjennomførte. Fordi toppoppgåveundersøkinga køyrer kontinuerleg, kan dei følge med på om gjennomføringsgraden går opp eller ned. Viss han går ned, veit dei at dei har gjort noko feil, medan dei kan gå vidare til neste kjerne viss han aukar til eit akseptabelt nivå.

Heilt aleine for deg sjølv

Kjernemodellen er først og fremst eit samarbeidsverktøy, men han fungerer også heilt fint som eit tankeverktøy for deg sjølv.

Har du eit eksempel?

Tanken er at denne seksjonen skal bli eit "bibliotek" over ulike case-studiar og eksempel på kjernemodellen i bruk, som også inkluderer erfaringar og tips.

Har du eit aktuelt eksempel å bidra med, ta kontakt med are@kjernekaren.no.

Frå over hundre kjerneverkstader 2020–2026

Mønster frå praksis

Dette er mønster vi ser igjen og igjen på tavlene frå kjerneverkstader i offentleg sektor, medlemsorganisasjonar og private verksemder. Eksempla er anonymiserte.

Éi konkret kjerne slår eit heilt område

Team som startar med «helse», står fast. Team som startar med «brystkreft» eller «søke barnehageplass», kjem i gang på minutt.

Fleire kjernepar på same kjerne

Når ti par jobbar med den viktigaste kjernen, ser alle at dei er meir einige enn dei trudde. Og dei ser kvar dei er ueinige.

Målkonflikten blir lagd på bordet

Innsamling vil ha gåver, fag vil informere. Kjernearket gjer konflikten synleg, og vegar vidare løyser han ofte.

Oversikt, enkeltobjekt, gjennomføring

Mange tenester har tre kjernar som heng saman. Ta kjernane først, så blir oversikta enklare.

Kjerneflyt i staden for nettstadkart

Ein flyt mellom kjernar viser korleis brukarane faktisk beveger seg, og kvar dei fell av.

Mål med utgangsverdi

Dei beste arka har mål med tal. «Gjennomføringsgrad frå 58 til 70 prosent» gir retning og ein grunn til å feire.

Handlingskorta blir gjorde

Verkstader med namn og dato på korta gir endringar i løysinga same veke. Utan namn skjer det sjeldan noko.

Frå kjerneark til sidemal

Når fleire kjernar har same struktur, blir kjerneinnhaldet ein mal for ein heil sidetype.

Kjernesprint med fiksedag

Prioritering og kjerneverkstad på dag éin, fiksing på dag to. Halvvegs ferdig når dagen er over.

KI-førebudd prioritering

KI foreslår mål og toppoppgåver på førehand. Deltakarane rettar, og diskusjonen startar på eit høgare nivå.

Nyheitsbrev

Få fagstoff om kjernemodellen og kvardagsinnovasjon med KI

Nye malar, eksempel frå kjerneverkstader og praktiske KI-grep, rett i innboksen. Vil du heller lese boka? Første kapittel er gratis.

Fagstoff om kjernemodellen og kvardagsinnovasjon med KI, nokre gonger i månaden. Du kan melde deg av når du vil.

Are Halland Kontakt

Snakk med Are

Lurer du på korleis de kan bruke kjernemodellen, eller treng de hjelp med ein kjerneverkstad? Ta ein uforpliktande kaffiprat.