Ta utgangspunkt i brukaren
Målgruppa du jobbar med, er plassert øvst til venstre. Dette feltet representerer både den strategiske prioriteringa og dei unike menneska du lagar løysinga for, og det påverkar alle dei andre felta i modellen direkte.
Toppetasjen – overordna føringar
Dei øvste felta – toppetasjen – gir deg dei overordna føringane: Kven er brukarane, kva behov har dei, og kva er strategien? Desse har du alltid tilgjengeleg når du jobbar med dei andre felta.
Venstresida – brukarperspektivet
Målgruppa, brukaroppgåvene og vegane inn utgjer brukarperspektivet: Kven er brukarane, kva kjem dei for å gjere, og korleis skal dei finne fram til løysinga?
Høgresida – strategien
Felta til høgre i modellen utgjer det strategiske perspektivet: Kva mål vil du oppnå, og korleis ønsker du å påverke den vidare kundereisa til brukaren slik at du når måla dine?
Hovudetasjen – kundereisa
Vegane inn, kjerneinnhaldet og vegen vidare utgjer ei kundereise gjennom eit konkret kontaktpunkt: kjernen. Har du fleire kjernemodellar med koblingar mellom kvarandre, kan dei til saman utgjere ei større kundereise.
Kjerneinnhaldet – samanhengane
I midtfeltet er løysinga du skal lage, som blir påverka av alle dei andre felta: Kven er brukarane, kva kjem dei for å gjere, kva er måla, korleis kjem brukaren hit, og kva vil vi skal skje vidare?
