Kjernemodellen

Kjerneverkstad

Eit praktisk workshopformat som lar ulike avdelingar, nivå og fagområde samarbeide på tvers.

Malar for kjerneverkstad

Kopier malen til di eiga tavle, og fyll ut eitt kjerneark per kjernepar.

Miro-mal for kjerneverkstad

Kjerneark med eksempel, handlingskort som cards og prioriteringsmalen på same tavle. Klikk «Duplicate» for å få din eigen kopi.

I ein kjerneverkstad sit deltakarane to og to saman i kjernepar og jobbar seg gjennom kvart sitt kjerneark. Til slutt presenterer dei resultata for kvarandre, og blir samde om kva som må gjerast for å realisere løysingane.

Ein godt gjennomført kjerneverkstad kan gi deg mange positive effektar:

  • Auka samhandling på tvers av heile organisasjonen
  • Meir eigarskap og betre forankring
  • Auka forståing for strategi og brukarperspektiv
  • Auka digital modenskap hos alle deltakarane
  • Omforeint forståing av prioriteringar
  • Konkrete løysingsforslag og definerte tiltak

Fordi sjølve modellen er så enkel, gir han dykk eit felles språk for samhandling både undervegs og i etterkant av kjerneverkstaden.

Planlegging

Her er dei praktiske førebuingane du må gjere for å gjennomføre ein vellukka kjerneverkstad.

Kjernepar

Grunnprinsippet i ein kjerneverkstad er å jobbe i kjernepar, altså to og to saman.

Nyheitsbrev

Få fagstoff om kjernemodellen og kvardagsinnovasjon med KI

Nye malar, eksempel frå kjerneverkstader og praktiske KI-grep, rett i innboksen. Vil du heller lese boka? Første kapittel er gratis.

Fagstoff om kjernemodellen og kvardagsinnovasjon med KI, nokre gonger i månaden. Du kan melde deg av når du vil.

Are Halland Kontakt

Snakk med Are

Lurer du på korleis de kan bruke kjernemodellen, eller treng de hjelp med ein kjerneverkstad? Ta ein uforpliktande kaffiprat.