Kjernemodellen

Kjerneinnhald

Kva er den beste løysinga?

Kort oppsummert

  • Kjerneinnhaldet er alt som bidrar til å løyse brukaroppgåva. Det kan vere tekst, visualiseringar og funksjonalitet. Av og til trengst det også heilt andre grep.
  • Bruk kjerneinnhaldsfeltet til å beskrive løysinga, og prioriter det reelle innhaldet innanfor mobilramma.
  • Løysinga treng ikkje vere perfekt, men ho må fange essensen av kva som må prioriterast, slik at ho gir eit godt utgangspunkt for vidare arbeid.

Eksempel

Kjerneinnhald for bilforsikring

Eksempel på tankegangen bak kjerneinnhaldet på ei side om bilforsikring

  • Den primære handlingsdrivaren er “Sjekk pris”. Kunden vil gjerne få ein pris så raskt som mogleg, og forsikringsselskapet vil gjerne få informasjon frå kunden for å føreslå rett produkt.
  • I produktoversikta viser dei dei ulike forsikringane ved sida av kvarandre, og har lagt inn ein funksjon for å kunne lese meir om dei ulike vilkåra i kontekst.
  • Kontakt oss er ein sekundær, men likevel tydeleg handlingsdrivar.
  • Øvst har dei prioritert dei to mest relevante salspoenga.

Eksempel på kjerneinnhald for bilforsikring

Slik gjer du det

  • Trekk pusten. Sjå på det du har fylt ut i dei andre felta, og prøv å finne den beste løysinga på brukaroppgåvene.
  • Tenk samtidig på korleis du kan nå dine eigne mål, utan at det kjem i vegen for brukaroppgåva.
  • Vel eit format som er praktisk å jobbe med, og som får fram dei viktigaste poenga i løysinga.

Gode spørsmål

  • Har brukaren ekstremt låg motivasjon? Då bør du sjekke om det er mogleg å gjere det endå enklare.
  • Har brukaren høg motivasjon? Då kan du kanskje tillate deg å legge til fleire element eller skrive lengre tekstar.
  • Løyser du dei viktigaste brukaroppgåvene?
  • Har du prioritert gode handlingsdrivarar?
  • Har alle elementa i løysinga ein funksjon?
  • Er det du lagar, forståeleg for andre?
  • Har du valt rett kanal? Kva kanalar likar brukaren best? Kan løysinga presenterast i fleire kanalar?
  • Kjem du på noko som bør endrast eller leggast til under målgruppe, brukaroppgåver, mål, vegar inn eller vegar vidare? Gå gjerne fram og tilbake mellom elementa for å oppdatere, slik at heile modellen heng saman til slutt.
  • Oppdagar du ein ny kjerne eller ein flyt mellom fleire kjernar? Utvid gjerne modellen med ein kjerneflyt.

Kjerneinnhald i tre steg

Mobilprioritering

Nyheitsbrev

Få fagstoff om kjernemodellen og kvardagsinnovasjon med KI

Nye malar, eksempel frå kjerneverkstader og praktiske KI-grep, rett i innboksen. Vil du heller lese boka? Første kapittel er gratis.

Fagstoff om kjernemodellen og kvardagsinnovasjon med KI, nokre gonger i månaden. Du kan melde deg av når du vil.

Are Halland Kontakt

Snakk med Are

Lurer du på korleis de kan bruke kjernemodellen, eller treng de hjelp med ein kjerneverkstad? Ta ein uforpliktande kaffiprat.