Kjernemodellen

Om forfattarane

Are Gjertin Urkegjerde Halland (også kjent som «Kjernekaren») er opphavsmannen til kjernemodellen. Han har jobba med digital strategi, kommunikasjon og design i eit kvart hundreår og blir rekna som ein nestor innanfor fagfelta brukartesting, informasjonsarkitektur og innhaldsdesign. Frå 2006 til 2018 jobba han i Netlife Design, der han etablerte kjernemodellen som ein hjørnesteinsmetodikk. I 2019 jobba han i UX- og innovasjonsavdelinga i FINN, før han starta for seg sjølv som uavhengig rådgivar i 2020.

Mona Sverrbo Halland har tilført dei tverrfaglege og relasjonelle aspekta i kjernemodellen. Ho har jobba med strategi og produktutvikling i over 20 år, med innfallsvinklar frå åtferdspsykologi, tenestedesign, prosessleiing og organisasjonsutvikling. Ho jobba i Netlife Design frå 2006 til 2013 og har også jobba i Telenor, Halogen, Direktoratet for e-helse, Mindshift og NAV.

Saman utgjer dei Kjernepar AS, der dei leverer kurs, foredrag, fasilitering og rådgiving innanfor temaa brukaroppleving, innhaldsdesign, åtferdspsykologi og prosessleiing. Dei har også eit eige sertifiseringskurs i kjernemodellen.

Les meir om Are på kjernekaren.no

Are og Mona Halland
Nyheitsbrev

Få fagstoff om kjernemodellen og kvardagsinnovasjon med KI

Nye malar, eksempel frå kjerneverkstader og praktiske KI-grep, rett i innboksen. Vil du heller lese boka? Første kapittel er gratis.

Fagstoff om kjernemodellen og kvardagsinnovasjon med KI, nokre gonger i månaden. Du kan melde deg av når du vil.

Are Halland Kontakt

Snakk med Are

Lurer du på korleis de kan bruke kjernemodellen, eller treng de hjelp med ein kjerneverkstad? Ta ein uforpliktande kaffiprat.