Viser
Før verkstaden
Ta det du har
Start med innsikta og folka som allereie finst, i staden for å vente på eit stort innsiktsprosjekt.
Snakk med folk
Eit djupneintervju kan vere superenkelt: spør om siste gong personen gjorde oppgåva.
Spør kundeservice kva dei får oftast
Kundeservice er gull. Be om dei tre, fem eller ti vanlegaste spørsmåla.
La kundeservice kategorisere førespurnadene
Kategoriane blir seinare måltal: fleire av desse, færre av desse.
Søkelogg og nettstatistikk er gullgruver
Sorter søkeloggen og ta med feilstavingane, så ser du kva folk faktisk leitar etter.
Toppoppgåveundersøking med to spørsmål
«Kva kom du for å gjere?» og «Fekk du gjort det?». Då har du både oppgåvene og gjennomføringsgraden.
Snakk med like mange interne som eksterne
Seljarar, saksbehandlarar og kundeservice veit mykje om brukarane. Intern innsikt er like viktig som brukarinnsikt.
Akkurat passeleg innsikt
Litt geriljainnsikt er alltid betre enn ingenting. For mykje innsikt gir analyse-paralyse.
Kva veit vi, og kva veit vi ikkje?
Lag ei liste over hola i innsikta, og kva som er enkelt å skaffe.
Prøv brukaroppgåva sjølv
Søk opp oppgåva i Google, Google Maps og ChatGPT. Ofte er første treff ei gammal nyheitssak.
Les strategien som dei som bestemmer
Strategi er like viktig som brukarinnsikt. Merk det som er relevant, og bruk utdraga i mikrostrategien.
Ta strategien ned på jorda
Ikkje finn opp ein ny strategi. Lag ein mikrostrategi som endar i konkrete måltal.
Gå tilbake til formålsparagrafen
Når strategien ikkje gir nok, gir formålet til organisasjonen dei overordna måla.
Ha toppetasjen klar på førehand
Fyll ut det meste av målgruppe, oppgåver og mål før verkstaden, med ein hypotese for kjernen.
Få med både dei som bestemmer og dei som har kundekontakt
Dei som bestemmer, gir retning. Dei som snakkar med kundane, gir realitetssjekk.
Ta med ein kunde
Særleg nyttig når organisasjonen er høg på seg sjølv, eller det er vanskeleg å snu perspektivet.
Få med utviklarar tidleg
Kjernemodellen er eit fint verktøy for å involvere utviklarar. Så mange som mogleg, så tidleg som mogleg.
Lag ei aktørkartlegging
Namn, avdeling, rolle, om dei har vore på kjerneverkstad før, og kva kjerne dei skal jobbe med.
Seks til fjorten deltakarar
Partal er fint. Ein til to fasilitatorar. Men ein kjerneverkstad kan også vere to personar.
Book minst ein månad før
De treng tid til å bli einige om prioriteringar, dokumentere toppoppgåver og få med dei rette folka.
Vel konkrete kjernar på førehand
Eit kjerneområde er gjerne ein seksjon eller ei stor brukaroppgåve. Førebu nokre kjernar innanfor det.
Du styrer verkstaden gjennom malen
Tilpass hjelpetekstar, tid per felt og talet på boksar. Det står fire på arket, men det kan vere éin eller ti.
Skriv om felta til språket i organisasjonen
Snakk om medlemmer og kundar, ikkje brukarar, viss det er det folk seier.
Deltakarkort som isbrytar
Namn, rolle, utfordring og ønske. «Kva var den første betalte jobben din?» løyser opp stemninga.
Lov struktur i invitasjonen
Tre steg: kven skal vi treffe, kva er viktigast, og kva gjer vi etterpå.
Formidle innsikt først
Eit godt sitat frå ein kunde kan vekke rommet. Folk humrar, og så skjønner dei at noko må fiksast.
Prioritering
Hopp aldri bukk over prioriteringa
Utan prioritering jobbar de med feil kjernar. To timar med dei som bestemmer, er ofte nok.
Følg vegkartet steg for steg
Innsikt, strategi, mikrostrategi, målgrupper, brukaroppgåver og hypotesar om kjernane.
Vegkartet er ingen fasit
Det finst mønster, men de må finne ut av det sjølve.
Prioriter med plassering, ikkje avstemming
Plasser lappane i overlappen mellom brukarbehov og mål. Inga prikkerøysting.
Oversikt, enkeltobjekt, gjennomføring
Mange tenester har tre kjernar: ei oversikt, det enkelte produktet og kjøpet eller søknaden.
Kjernen er ein hypotese
Start med løysinga som hypotese, og ta ein omveg som gir eit anna perspektiv. Bommar de, juster.
Ein kjerne må løyse ei oppgåve og nå eit mål
Ein kjerne er ei brukaroppgåve som er i tråd med strategien.
Ein kjerne kan vere kva som helst
Ei side, eit tema, ein flyt, eit produkt, ein telefonsamtale eller eit svar frå ein chatbot.
Gjer kjernen så konkret som mogleg
Ikkje «helse», men «brystkreft». Det konkrete blir mal for resten.
Start gjerne med ein enkel kjerne
Lågthengande, innlysande og med stort engasjement. Bruk momentet til ein større prosess.
Ein kjerne om gongen
De kan ha mange kjernar, men ta éin om gongen i prioritert rekkefølge.
Står de fast? Hopp til kjernearket
Elementa er dei same, så lappane kan flyttast mellom vegkartet og kjernearket.
Bruk kundereisa til å peike ut kjernen
Har de ei kundereise eller personas, bruk dei. Viss ikkje, lag ei superkjapp ei.
Teikn ein kjerneflyt i staden for eit nettstadkart
Ein kjerneflyt er ei organisk kundereise mellom kontaktpunkt, nærare kaoset i verkelegheita.
Brukaroppgåvene sameinar målgruppene
Ein eigen inngang per målgruppe er sjeldan svaret.
Fleire kjernepar på same kjerne
Ti par på den viktigaste kjernen gir ti perspektiv på det same.
Ta målkonfliktane med vidare
Viktige mål utan ei toppoppgåve løyser de i vegar vidare.
Framsida er ikkje ei nettavis
Vent med framsida til slutt. Kvar kjerne er ei framside.
Kjernearket, felt for felt
Start med menneske og empati
Byrj med målgruppa. Empati handlar ikkje om å synest synd på, men å forstå situasjonen.
Eitt konkret menneske
Beskriv ein person med namn, alder og nokre kjenneteikn. Finn gjerne eit bilete.
Prioriter éi målgruppe per ark
Har de to, lag eitt ark til og samanlikn brukaroppgåvene.
Finn spørsmålet alt står og fell på
Blir oppgåvene vage, be om ei veldig konkret oppgåve.
Skriv brukaroppgåva i første person
«Eg vil vite om barnehagen har ledig plass.»
Brukaroppgåver og mål heng saman
Ein strategi som ikkje løyser ei brukaroppgåve, er ein dårleg strategi. Og omvendt.
Start vegar inn med eit scenario
Kvar er personen, fysisk, mentalt og digitalt, når behovet oppstår?
Optimistisk, pessimistisk og realistisk
Lag tre scenario, og spør kva de kan gjere med det pessimistiske.
Søkeord blir spørsmål til KI
Skriv vegane inn som spørsmål folk stiller ChatGPT, ikkje berre som søkeord.
Brukaren vel kanalen
Ver der brukarane faktisk er, også på plattformene til andre.
Styr kanalen sjølv der du kan
E-post og varsel er vegar inn du kontrollerer sjølv.
Vel éin knapp
Kva lenke vil du at brukaren skal klikke på, og kva skal det stå på ho?
Det må skje noko etterpå
Viss vi skal nå måla og folk skal vere nøgde, kva må skje etter kjernen?
Når målet ikkje er ei brukaroppgåve
Ingen kjem for å donere. Plasser bøna der ho er logisk, etter at brukaren har fått hjelp.
Ein veg vidare blir ein ny veg inn
Spør alltid: kva er den neste kjernen?
Ei side for dei som kjem feil
Viser søkeloggen at mange leitar etter noko de ikkje tilbyr, lag ei side som seier det.
Hopp elegant over kjerneinnhaldet
Fyll ut alt rundt først. Då blir løysinga nesten sjølvsagd.
La folk tenke seg fram til prinsippa
Det blir sterkare enn at ein designar fortel korleis det må vere.
Klart språk er eit prinsipp, ikkje eit mål
«Brukarvenleg» i målfeltet er eit verkemiddel. I kjerneinnhaldet er det eit prinsipp.
Det viktigaste står først
Svar på spørsmålet folk har, øvst. Svar i kontekst, ikkje i ein FAQ.
Varig informasjon før nyheiter
Gamle nyheiter kan sperre for det varige: opningstida for påska ligg der framleis.
Gløym formatet, tenk innhaldet
Lag éin kjernemodell for bodskapen, og spiss han per kanal.
Alt er rett, ingenting er feil
Designaren teiknar, utviklaren lagar datamodell, redaktøren kladdar tekst. Diskusjonen er det viktige.
Ut kjem ein kreativ brief
Sei det høgt: vi lagar ikkje fasiten, vi lagar eit utgangspunkt.
Ikkje forelsk deg i skissa
Folk forelskar seg i eigne løysingar. Ver knallhard.
Mobilprioritering utan juks
Fyll mobilskjermen med ekte tekst i ekte storleik. Då må de prioritere.
Første skjerm eller første svar
Same øvinga når svaret er ein KI-assistent, eit brev eller ein telefonsamtale.
Fasilitering
Gi oppgåva, start timaren, hald kjeft
Når timaren går, snakkar ikkje fasilitatoren. Trust the method.
Sei «hysj» lågt
Di stillare du seier det, di stillare blir det. Stilla spreier seg.
Ikkje bland deg inn
Gi fridom innanfor ramma. Gi slepp.
Oppklar mistydingar i plenum
Høyrer du at eitt par har misforstått, er det truleg fleire.
Les neste kapittel medan klokka går
Medan folk jobbar med målgruppe, slår du opp på brukaroppgåver i boka.
Juster timaren utan å seie det
Treng dei litt meir tid, gi dei det. Du treng ikkje annonsere det.
Tidspress får folk til å jobbe
3, 4 eller 5 minutt per felt. Fokus, fokus, fokus.
Boble, dele, boble
Para jobbar i ei boble. La dei snu seg mot kvarandre og presentere innimellom.
Heildag, halvdag eller tre digitale økter
Heil dag er best. Digitalt: del det i tre økter på to timar.
Éin djupt i puddingen, éin utanfrå
The power of kjernepar: éin som kjenner temaet, éin som ser det med nye auge.
Par på tvers av avdelingar
Unngå par frå same avdeling. Fordel folk med kundeinnsikt.
Få med kritikarane
Dei blir ofte dei beste ambassadørane etter ein god verkstad.
Utset løysinga
Alle vil hoppe til løysing. Prøv å la vere.
Kva ville du gjort sjølv?
Når nokon står fast, spør kva dei sjølve ville gjort. Då kjem brukaren og oppgåva fram.
Definer løysingsrommet
Kreativitet fungerer best med gode avgrensingar.
Papir gir fridom, digitalt lar deg skrive
La para velje. Fysisk format skaper energi.
Lås elementa i Miro
Elles byrjar folk å flytte på ting.
Eitt ark per kjernepar
Med namnet på kjernen og paret øvst.
Vis eit utfylt eksempel først
Barnehagecasen er standarddømet. Det endar nesten alltid likt.
Skann arka med mobilen
Ta bilete med Adobe Scan, send til storskjermen og la paret presentere.
Skriv lesbart for andre
Då kan arka skannast og reinskrivast etterpå, gjerne med KI.
Avslutt med tiltak
Sluttpresentasjonane skal handle om kva de skal gjere.
Evaluer kvar verkstad
Alt blir ikkje perfekt. Lær til neste gong.
Finn din eigen stil
Tilpass til publikum, og gi passe mengd støtteinformasjon.
Handlingskort og oppfølging
Handlingskorta er det viktigaste
Målet er forankring, felles forståing og handlingskort. Ikkje perfekt kjerneinnhald.
Kva, korleis, kven, når
Namn og dag gjer kortet ekte: «Kari slettar den sida på måndag.»
Lågthengande frukt: just do it
Slett sider, skriv svaret stort øvst. Ta tak i rotårsakene med ein next action.
Skriv kortet med ein gong
Fortløpande medan para jobbar, pluss ein runde til slutt.
Utnytt momentet
Skal det bli verkeleg, må de ha korta før folk går ut av rommet.
Prosjektleiaren eig korta
Nokon må ha ansvar for å følge opp. Rett inn i backloggen.
Godt nok no, betre seinare
Få ut første versjon så fort som mogleg.
Verkstaden er starten
Du kan ikkje fikse alt i ein kjerneverkstad. Men nokre gonger kan du det.
Kjernesprint med fiksedag
Prioritering og kjerneverkstad, og så ein dag der de gjer tiltaka.
Ein bartendar ved krana
Utan vedlikehald kjem det gamle veltande tilbake.
Slettefest med bollar
Gjer opprydding til ein hyggeleg felles aktivitet.
Mål og måling
Gode mål
Konkret, realistisk men ambisiøst, prioritert, tidsavgrensa, målbart, og ikkje eit verkemiddel.
Tre typar mål
Auke inntekter eller bruk, redusere utgifter eller auke effektiviteten, auke nøgdheita eller styrke merkevara.
Spør kvifor fem gonger
«Det skal vere brukarvenleg.» Kvifor? Hald fram til du kjem til noko som kan teljast.
Meir av eller mindre av
Kan du sette «fleire» eller «færre» framfor, har du eit godt utgangspunkt.
Gjennomføringsgrad for toppoppgåver
Fleire skal få løyst oppgåva si. Det er eit av dei beste måla du kan ha.
Fleire av desse, færre av desse
Ikkje berre færre førespurnader, men betre førespurnader.
Mikrostrategien treng måltal
Leiinga må sjå at dette faktisk er strategi.
Forankring og leiarar
Snakk med dei som bestemmer
Strategien på papiret er ofte noko anna i praksis.
Speil orda deira
Høyr korleis leiarane formulerer seg, og vinkle det de gjer etter det.
Leiarspråk, ikkje stammespråk
Ingen buzzwords, berre sunt vit sett i system.
Rekn heim effekten
Lag eit business case. Pick your fights.
Patos er like viktig som logos
Fortel historia om ein ekte brukar, ikkje berre tala.
Start smått og la det spreie seg
«Det var gøy, vi må gjere det igjen.» Det er alltid konklusjonen.
Forklar modellen på eit halvt minutt
Brukaren har ei oppgåve, vi har mål, brukaren kjem frå ein stad, noko skal skje etterpå. Først då snakkar vi løysing.
Eigarskap gjennom felles arbeid
Effekten på tvers av siloar er vel så viktig som løysinga.
Når nokon ber om ein chatbot
Spør kvifor. Støttar det strategien? Har vi brukarinnsikt?
KI
Hent ut essensen av strategien med KI
Mat strategidokumenta til Claude eller ChatGPT. Men samtalen med leiarane kan ikkje KI ta.
Retning før fart
Sjølv om KI kan lage noko på 20 minutt, kostar det å lansere og følge opp.
KI-utkast som diskusjonsgrunnlag
La KI foreslå mål og oppgåver. Merk gjetting med stjerne, og la deltakarane rette.
Skjul KI-forslaga til para er ferdige
Bruk dei til å utfordre arket etterpå. Balanse mellom strev og retning.
KI i kjernearket
KI kan vere ein veg inn, ein kanal for kjerneinnhaldet eller ei eiga målgruppe.
Gi KI konteksten din
Brukarinnsikt, stilguide og eksempel i eit prosjekt. Kontekst, ikkje instruksjonar.
La KI stille spørsmål først
«Still meg spørsmål for å utforske ideen, eitt om gongen.»
Brukartesting og andre verktøy
Ein test er ein simulering
Gi folk reelle oppgåver, og sjå kvar dei feilar.
Halve verdien er å vere der
Vis høgdepunkta i leiarmøtet: dimm lysa og skru opp lyden.
Start aldri på framsida
La brukaren bestemme den første testoppgåva. Fem testpersonar er som regel nok.
Sjå på kva dei gjer
Ikkje høyr på kva brukarane seier. Sjå på kva dei gjer.
Ein hammar i verktøykassa
Kombiner med personas, kundereiser, OKR og kortsortering. Kjernemodellen løyser ikkje alt.
Kjerneark utan verkstad
Står du fast ein dag, fyll ut eit ark åleine. Då får du kontroll på kva du held på med.