Kjernemodellen

Vegar vidare

Kva vil du skal skje vidare?

Kort oppsummert

  • Vegar vidare er det vi ønsker skal skje etter at brukaren har løyst brukaroppgåva. Kvar ønsker du at brukaren skal gå vidare i kundereisa?
  • Vegar vidare handlar om konvertering: Korleis kan vi sørge for at dei som kjem til løysinga vår, gjer ei handling som gir ein effekt som tek oss nærmare eit mål for verksemda vår.
  • Tenk gjennom kva som er konteksten, og kva modus brukaren er i etter at brukaroppgåva er løyst.
  • Ta utgangspunkt i dei av måla våre som er mest relevante for brukaroppgåva. Kva heng naturleg saman?
  • Tenk gjennom om det er andre av tenestene våre vi kan leie vidare til som er ekstra relevante.
  • Du bør bestemme deg for kva som skal vere den aller viktigaste handlingsdrivaren, den som er mest relevant både for brukaren og for vår eiga verksemd.
  • For å lage ekstra smarte vegar vidare kan du ta utgangspunkt i kva som er mest relevant ut frå den konkrete konteksten til brukaren, og korleis du kan time ein prioritert handlingsdrivar i forhold til dette.
Vegar vidare for bilforsikring

For eit forsikringsselskap er ofte dei viktigaste måla meir sal og færre unødvendige førespurnader. Dei ønsker derfor at brukarane skal kjøpe bilforsikringa hos dei – sjølvbetent. I tillegg ønsker dei at kundane skal kjøpe den forsikringa som passar best for dei – helst premiumforsikringa viss dei har ein ny bil.

Forsikringsselskapet ønsker også at folk legg inn bilnummer og fødselsnummer, slik at dei kan få tilsendt eit korrekt tilbod viss dei ikkje kjøper med ein gong. Og aller helst vil dei at kunden flyttar alle forsikringane – ikkje berre bilforsikringa.

Vegar vidare for bilforsikring

  • Kjøper den rette bilforsikringa sjølvbetent på nettsidene
  • Legg inn bilnummer og fødselsnummer slik at dei kan få eit personleg tilbod
  • Finn svaret på nettsidene, slik at dei ikkje treng å kontakte kundeservice
  • Flyttar alle forsikringane samtidig
Vegar vidare for Sparebanken Sogn og Fjordane

Eit eksempel på bruk av prinsippa bak Vegar vidare var då Sparebanken Sogn og Fjordane redesigna nettsidene sine. Dei innsåg at den viktigaste brukaroppgåva var å logge inn i nettbanken, og fjerna derfor alle andre bodskap på framsida.

Men etter at brukarane har fått sjekke saldoen og betalt rekningane sine, kan dei puste ut og logge ut av nettbanken. Derfor var det på utloggingsskjermen Sparebanken viste fram dei viktigaste handlingsdrivarane sine.

Utlogga side med relevante vegar vidare.

Dei jobba hardt med å lage relevante bodskap og gode handlingsdrivarar. Når det nærma seg ferie, tipsa dei for eksempel brukarane om at dei måtte sjekke regionsperra og laste ned appen for å ha med seg nettbanken på tur.

Her tok Sparebanken omsyn til konteksten brukarane er i, og ved hjelp av kjernemodellen skjønte dei noko heilt grunnleggande om kva som faktisk fungerer når du forstår brukarane dine.

Dette handlar også om timing. Du må skjøne situasjonen brukaren er i, og når kva bodskap kan vere relevant.

Vegar vidare for Vy

Vy (eller NSB som dei heitte den gongen) var opptekne av å formidle at tog er eit miljøvennleg alternativ. Men brukaren er først og fremst interessert i å kjøpe billett. Så korleis er det mogleg å kombinere desse to?

Jo, då må dei løyse oppgåva til brukaren først, og så har dei gjort seg fortent til ein sjanse til å formidle ein bodskap om at tog er eit miljøvennleg alternativ.

Vegar vidare for Kreftforeningen

Kreftforeningen hadde ei stor utfordring med eit veldig viktig mål, som var å skaffe pengar til viktig (og dyr) kreftforsking. For å nå dette målet var dei heilt avhengige av donasjonar frå faste givarar.

Men problemet var at brukarane ikkje kom til nettsidene for å donere pengar. Dei kom først og fremst for å finne informasjon om symptom, behandling og førebygging.

Heilt nedst på lista over brukaroppgåver kom donasjon. Berre ein liten promille kom for å donere pengar. Så kva gjer ein då?

Kreftforeningen tenkte smart rundt vegar vidare, og oppnådde ekstremt gode resultat med det.

Utgangspunktet var kjernesida om ei kreftform, for eksempel brystkreft. Her er ikkje sannsynet for at folk skal donere pengar så veldig stort, fordi dei har andre, og som regel viktigare, ting å finne ut av.

Men ein sentral veg vidare frå innhaldet var lenker som gjekk vidare til informasjon om konkrete forskingsprosjekt, der folk kan lese om alt det flotte (og dyre) forskingsarbeidet som blir gjort.

Og på ei slik side, i ein slik kontekst, er det mykje meir sannsynleg at du vil vere i modus for å gi støtte til denne konkrete kreftforskinga, for eksempel på brystkreft.

Kreftforeningen la derfor donasjonsskjemaet sitt, ikkje på sidene om kreftformer, men på sidene om forskingsprosjekt.

Resultatet var ganske formidabelt: Summen av eingongsdonasjonar auka med 198% over natta, og talet på faste givarar med 288%.

Det kan vere veldig lønsamt å tenke smarte vegar vidare frå kjerne til kjerne på eigne nettsider.

Slik gjer du det

  1. Ta utgangspunkt i det du veit om målgruppa og brukaroppgåva.
  2. Sjå på måla dine og finn ut kva handlingar du ønsker at brukaren skal utføre for at du skal nå måla.

Gode spørsmål

  • Kva er dei konkrete handlingane brukaren må utføre for at du skal nå måla dine?
  • Kva er motivasjonen til brukaren for å komme til tenesta di?
  • Kva handlingsrom har du for å påverke?
  • Kan du stå inne for vala du gjer om korleis du vil påverke?
  • Er det mogleg å måle om brukarane gjennomfører handlingane du ønsker, slik at du veit om du får det til?

Åtferdsdesign

Konverteringsoptimalisering

Gjennomføringsgrad

Foggs åtferdsmodell

Hook-modellen

Suksessformelen

Nyheitsbrev

Få fagstoff om kjernemodellen og kvardagsinnovasjon med KI

Nye malar, eksempel frå kjerneverkstader og praktiske KI-grep, rett i innboksen. Vil du heller lese boka? Første kapittel er gratis.

Fagstoff om kjernemodellen og kvardagsinnovasjon med KI, nokre gonger i månaden. Du kan melde deg av når du vil.

Are Halland Kontakt

Snakk med Are

Lurer du på korleis de kan bruke kjernemodellen, eller treng de hjelp med ein kjerneverkstad? Ta ein uforpliktande kaffiprat.