Kort oppsummert
- For å treffe med løysinga må du klare å sjå for deg ein typisk representant for målgruppa.
- Ta utgangspunkt i strategi og brukarinnsikt, og spiss målgruppene ut frå temaet du jobbar med.
- Målgruppa di består av menneske som ikkje er som deg. Du må jobbe med å tre ut av din eigen situasjon gjennom empatisering.
Eksempel
Målgruppe for bilforsikring
«Potensielle kundar av bilforsikring» vil vere ei typisk beskriving av målgruppa for produktsida om bilforsikring. Denne målgruppa kan igjen brytast ned til «førstegongskjøparar», «prismedvitne» og så vidare.
Ein konkret kunde kan for eksempel vere Kari (37):
- Kari (37). Potensiell kunde. Prismedviten.
Slik gjer du det
- Ta utgangspunkt i målgruppa frå strategien og det du har av brukarinnsikt, og spiss målgruppa til temaet du jobbar med.
- Sjå for deg ein typisk representant for målgruppa, med namn, alder og nokre stikkord.
- Prøv å sette deg inn i situasjonen til brukaren gjennom empatisering.
Gode spørsmål
- Kven er den prioriterte målgruppa i strategien?
- Kva seier brukarinnsikta?
- Kva målgruppe er mest relevant for kjernen du jobbar med?
- Er det trekk ved situasjonen som gir ein betre innfallsvinkel?