Kjernemodellen / Ressursar

KI

Kjernemodellen og KI

KI gjer det raskare å lage innhald. Det gjer det viktigare å vite kva som er verdt å lage. Retning før fart.

Veg inn

KI-svar er den nye søkeresultatsida

Mange spør ChatGPT før dei søker. Skriv vegane inn som spørsmål folk stiller ein assistent, og sørg for at kjernen svarer tydeleg på dei.

Kanal

Kjerneinnhaldet kan vere eit svar

Første skjerm kan vere første svar frå ein chatbot. Same prioritering, same mål, same vegar vidare.

Målgruppe

Nokre gonger er brukaren ein agent

Testen er kven som utfører brukaroppgåva. Strukturert innhald og schema.org hjelper både menneske og maskiner.

Parskrivar

Fyll ut arket saman med KI

Åleine ein dag du står fast, eller som utfordrar etter verkstaden. Gi konteksten din, ikkje berre instruksjonar.

Det KI ikkje kan gjere for deg

KI kan hente essensen ut av strategien. Han kan ikkje ta samtalen med dei som bestemmer, bygge eigarskap på tvers av avdelingar eller få kundeservice og leiinga til å bli samde. Det er det kjerneverkstaden er til for.

Gode vaner

  • Skjul KI-forslaga til para er ferdige, og bruk dei til å utfordre arket.
  • Merk alt som er gjetting, med ei stjerne.
  • Be KI stille spørsmål først, eitt om gongen.
  • Legg brukarinnsikt, stilguide og eksempel i eit prosjekt, så slepp du å forklare på nytt.
6 promptar · fri bruk

Prompter for kjernearket

Kopier, lim inn i Claude eller ChatGPT, og byt ut teksten i hakeparentes. Ikkje lim inn personopplysningar eller noko som er teiepliktig.

Hent ut mikrostrategien · Før prioriteringsverkstaden
Du er ein erfaren rådgivar i digital strategi. Eg limer inn strategidokumentet til organisasjonen vår nedanfor.

1. Trekk ut dei 5–8 formuleringane som seier mest om kva vi vil oppnå med digitale tenester. Siter ordrett.
2. Foreslå 3–5 mål for løysinga som er konkrete, målbare og ikkje verkemiddel. Bruk forma «fleire …» eller «færre …».
3. Merk med * alt som er di tolking og ikkje står i dokumentet.

Still meg spørsmål før du svarer viss noko er uklart. Eitt spørsmål om gongen.

[LIM INN STRATEGIEN]
Kategoriser førespurnader til toppoppgåver · Innsikt
Her er ei liste med førespurnader til kundeservice / søk frå søkeloggen / fritekstsvar frå ei spørjeundersøking.

Grupper dei i 10–15 brukaroppgåver. Skriv kvar oppgåve i første person («Eg vil …»). Sorter etter kor mange førespurnader som høyrer til kvar oppgåve, og vis talet. Ta med 2–3 ordrette eksempel per oppgåve.

[LIM INN LISTA]
Reinskriv eit kjerneark frå bilete · Etter verkstaden
Biletet viser eit utfylt kjerneark frå ein kjerneverkstad. Felta er: Målgruppe, Brukaroppgåver, Mål for løysinga, Vegar inn, Kjerneinnhald og Vegar vidare. Namnet på kjernen står øvst.

Reinskriv alt som står på arket, felt for felt, ordrett. Ikkje legg til noko. Skriv [uleseleg] der du ikkje kan lese. Til slutt: list opp handlingskorta viss dei er med på biletet.
Utfordre kjernearket · Etter at para er ferdige
Her er eit utfylt kjerneark. Spel rolla som ein kritisk, men venleg fasilitator.

Gi meg maks fem spørsmål som utfordrar arket: Er målgruppa konkret? Er brukaroppgåvene baserte på innsikt? Er måla verkemiddel? Heng vegar vidare saman med måla? Manglar det ein openbar veg inn?

Ikkje skriv løysinga for oss.

[LIM INN KJERNEARKET]
Første skjerm med ekte ord · Kjerneinnhald
Basert på kjernearket nedanfor: skriv innhaldet for første skjerm på mobil for denne kjernen. Ekte overskrift, ingress, dei 3–5 viktigaste innhaldselementa i prioritert rekkefølge, og éin tydeleg knapp med tekst. Svar på det viktigaste spørsmålet til brukaren først. Klart språk.

[LIM INN KJERNEARKET]
Frå kjerneark til handlingskort · Oppfølging
Her er notata frå ein kjerneverkstad. Lag ei liste med handlingskort. Kvart kort har fire felt: Kva må skje? Korleis? Kven? Når? Skriv [manglar] der vi ikkje har bestemt ansvarleg eller frist. Sorter med lågthengande frukt først.

[LIM INN NOTATA]
Nyheitsbrev

Få fagstoff om kjernemodellen og kvardagsinnovasjon med KI

Nye malar, eksempel frå kjerneverkstader og praktiske KI-grep, rett i innboksen. Vil du heller lese boka? Første kapittel er gratis.

Fagstoff om kjernemodellen og kvardagsinnovasjon med KI, nokre gonger i månaden. Du kan melde deg av når du vil.

Are Halland Kontakt

Snakk med Are

Lurer du på korleis de kan bruke kjernemodellen, eller treng de hjelp med ein kjerneverkstad? Ta ein uforpliktande kaffiprat.