Kjerneflyt
Når du har fleire kjernar, kan du kople dei saman i ein kjerneflyt.
Viss du har jobba med kjernemodellen før, kjenner du han typisk som eit A3-ark i svart/kvitt. Du har truleg brukt han til å samarbeide om å lage betre innhald for nettsider.
Dei siste to åra har vi gjort fleire forbetringar i kjernemodellen. Her er dei viktigaste:
I samband med bokarbeidet har vi fått hjelp av Inge Fossland og Thord Veseth Foss i fosslandfoss.no. Dei har utarbeidd eit nytt, berande konsept for modellen, og gitt kvart enkelt element ei unik form og farge:
Dette betyr at du kan jobbe med eitt og eitt element om gongen og gradvis bygge opp ein større samanheng, for eksempel ei kundereise eller eit konverteringsløp.
Når du har fleire kjernar, kan du kople dei saman i ein kjerneflyt.
Dei fleste er vane med å jobbe med kjernemodellen analogt, med penn og papir på eit kjerneark. Det er framleis like bra, men modellen fungerer også heildigitalt og hybrid.
Dette betyr at du kan jobbe med dei same elementa på mange ulike flater, for eksempel:
Vi har hatt gode erfaringar med å køyre kjerneverkstader både heildigitalt og som hybrid, der nokre kjernepar jobbar analogt og andre jobbar digitalt.
Vi har også laga heilt nye malar for Miro og Mural, og vil etter kvart også lage malar for FigJam, Figma, Google Slides, Powerpoint, Word, Notion osv.
Her er malane du treng for å gjennomføre kjerneverkstad, fysisk eller digitalt.
Ei anna nyvinning i kjernemodellen er handlingskortet, eit enkelt format for å konkretisere tiltak etter kvart som de jobbar med kjernemodellen.
Eit enkelt format for å konkretisere tiltak i kjerneverkstad.
Førearbeidet til kjerneverkstaden har blitt formalisert i eit eige format som vi har kalla prioriteringsverkstad. Her jobbar avgjerdstakarar og folk med kundeinnsikt saman for å finne ut kva kjernar som bør prioriterast.
Eit workshopformat for å avklare brukarbehov og strategi, og velje kjernar ut frå dette.
Utover desse endringane har også empatisering og scenariotenking fått større vekt, og åtferdspsykologi har komme inn som eit viktig element under vegar vidare.
Sjølv om mykje er nytt, er dei grunnleggande elementa i kjernemodellen dei same som dei har vore sidan 2006. Det handlar framleis om å jobbe saman for å finne dei gode svara på seks enkle spørsmål:
Kven er brukarane dine?
Kva kjem brukarane for å gjere?
Kva ønsker du å oppnå?
Kva er brukaren sin innfallsvinkel?
Kva er den beste løysinga?
Kva vil du skal skje vidare?
Nye malar, eksempel frå kjerneverkstader og praktiske KI-grep, rett i innboksen. Vil du heller lese boka? Første kapittel er gratis.
Kontakt Lurer du på korleis de kan bruke kjernemodellen, eller treng de hjelp med ein kjerneverkstad? Ta ein uforpliktande kaffiprat.