Just Enough Research (2nd edition)
Bok av Erika Hall (A Book Apart).
For å bruke kjernemodellen rett må du ha god innsikt i brukarane og behova deira.
Då Naturvernforbundet jobba med redesign av nettsidene sine, gjennomførte dei ein enkel prosess for å skaffe seg brukarinnsikt.
Brukarbehov og brukaroppgåver
Først gjekk dei gjennom webstatistikken og søkeloggen og samla det dei hadde av anna brukarinnsikt, i form av spørjeundersøkingar, tilbakemeldingar på Facebook og så vidare.
Dei gjorde også ei rekke brukarintervju, både med interne og eksterne brukarar, for å fylle ut biletet.
Toppoppgåveundersøking
Dei gjorde ei enkel toppoppgåveundersøking for å kartlegge dei viktigaste brukaroppgåvene. Det overveldande inntrykket var at folk først og fremst var ute etter enkel faktainformasjon.
I toppoppgåveundersøkinga såg dei at om lag halvparten av brukarane kom til nettstaden for å finne faktainformasjon om eit konkret tema eller ei enkeltsak, for eksempel vindkraft, ulv, plast eller Førdefjorden.
Denne toppoppgåva gjekk igjen på tvers av dei fleste brukargruppene, anten det var medlemmer, skuleelevar eller generelt naturverninteresserte.
Det ligg dermed an til at faktainformasjon om tema eller enkeltsak kan vere viktige kjernar for mange målgrupper.
Ein brukartest er ei simulering av at ekte brukarar gjer ekte oppgåver i ein ekte kontekst. Dette er den beste metoden for å sjekke om det du lagar, faktisk vil fungere i røynda. Testen gir deg i tillegg innsikt i brukarbehova og gode idear til vidareutvikling. Halve verdien av ein brukartest er å vere med og observere, så jo fleire observatørar, jo betre.
Du bør alltid brukarteste den eksisterande løysinga før eit redesign. Er det ei heilt ny løysing, kan du brukarteste konkurrentar og andre samanliknbare løysingar. Du bør også brukarteste skisser, prototypar og tekstar undervegs i utviklingsprosessen.
Kobling til kjernemodellen
Tilrådd ressurs: Eli Toftøy-Andersen og Jon Gunnar Wold: Praktisk brukertesting, 2. utgåve (Cappelen Damm, 2021).
Djupintervju er den beste innsiktsmetoden for å bli kjend med brukarane og behova deira. Metoden går ut på å avdekke brukarbehov ved å snakke med representative brukarar. Lag ein intervjuguide og bruk han til å grave i motivasjonen, behova og dei mentale modellane til brukarane. Når du stiller utdjupande spørsmål og er oppriktig nysgjerrig, får du unik innsikt, gode idear og ei empatisk forståing av brukarane.
Kobling til kjernemodellen
Tilrådd ressurs: Steve Portigal: Interviewing Users (Rosenfeld Media, 2019).
Jobs to be done (JTBD) er eit teoretisk rammeverk med litt ulike tilnærmingar, men grunnleggande handlar det om å identifisere «jobbane» til kundane eller brukarane. Ein jobb er i denne samanhengen eit bakanforliggande brukarbehov som kunden «leiger» eit produkt eller ei teneste for å løyse.
Desse jobbane kan løysast på ulike måtar, og JTBD-tilnærminga handlar om å utvikle og tilpasse produkt og tenester slik at dei løyser jobbane til kundane betre. Ein jobb kan ha fleire nivå. For eksempel kan eit grunnleggande behov (gjerne kalla aspiration eller big jobs i JTBD) komme til uttrykk gjennom konkrete brukaroppgåver (gjerne kalla little jobs eller micro jobs).
Koblingar til kjernemodellen
Tilrådd ressurs: Jim Kalbach: The Jobs To Be Done Playbook (Two Waves, 2020).
Ei kundereise (også kalla brukarreise) er ei visuell framstilling av korleis ein kunde eller brukar tenker og handlar i ulike delar av for eksempel ein kjøpsprosess. Ved å lage ei kundereise kan du få oversikt over heile prosessen og sjå kvar brukaren støyter på problem, og kvar det er moglegheiter for forbetring.
Stadene der kunden er i kontakt med verksemda, blir gjerne kalla kontaktpunkt og kan vere for eksempel nettsidene, appen eller ein telefonsamtale. Tanken er å gripe tak i problema og fikse dei, men utfordringa er ofte at kundereisa blir hengande på veggen eller liggande i ein krok på kontoret etter at kartlegginga er ferdig.
Kobling til kjernemodellen
Tilrådde ressursar: Adeline Hvidsten, Ranvir Rai, Stephanie Helland og Theodor Henriksen: Introduksjon til tjenestedesign (Cappelen Damm undervisning, 2021). Jim Kalbach: Mapping Experiences (2nd edition) (O’Reilly, 2021).
Kundeservice er ei ofte undervurdert kjelde til innsikt i brukarane.
Kobling til kjernemodellen
Personaer er ein metode som går ut på å utvikle representative brukarprofilar basert på brukarinnsikt. Dei kan fungere som eit felles referansepunkt for ei arbeidsgruppe, slik at gruppa har eit empatisk bilete av brukarane ho jobbar for. Ein persona kan også ha ulike tilknytte scenario for bruk av tenesta.
Kobling til kjernemodellen
Tilrådde ressursar: Alan Cooper: The Inmates Are Running the Asylum (Sams Publishing, 2004). Aurora Harley (Nielsen Norman Group): Personas Make Users Memorable for Product Team Members.
Toppoppgåvetilnærminga går ut på å identifisere toppoppgåvene og løyse dei så godt som mogleg, samtidig som du systematisk slettar mikrooppgåvene.
Kobling til kjernemodellen
Les meir under Toppoppgåver.
Bok av Erika Hall (A Book Apart).
Nye malar, eksempel frå kjerneverkstader og praktiske KI-grep, rett i innboksen. Vil du heller lese boka? Første kapittel er gratis.
Kontakt Lurer du på korleis de kan bruke kjernemodellen, eller treng de hjelp med ein kjerneverkstad? Ta ein uforpliktande kaffiprat.