Top Tasks – A How-to Guide
Bok av Gerry McGovern (Silver Beach, 2015).
Toppoppgåvene til brukarane er den viktigaste nøkkelen du har til å prioritere.
Top tasks are the small set of tasks that matter most to your customers. Make these tasks work well, and you’ll be on the right track. Get them wrong, and chances are you’ll lose the customer.
Du kan ikkje løyse alle brukaroppgåvene for alle brukarane. Skal du begynne ein stad, bør du derfor starte med dei viktigaste oppgåvene – toppoppgåvene.
Toppoppgåvene er dei relativt få oppgåvene som er aller viktigast for dei aller fleste av brukarane dine.
Viss du tek ein titt på webstatistikken din, søkeorda til brukarane dine eller loggen over førespurnader til kundeservice, finn du som regel eit mønster som liknar ganske mykje på dette:
Nokre få brukaroppgåver står for ein uforholdsmessig stor del av sidetreff, søkeord eller førespurnader til kundeservice.
Tilsvarande er det veldig mange oppgåver som berre nokre få er opptekne av – mikrooppgåvene.
Eit typisk mønster er at dei 3–5 viktigaste toppoppgåvene står for rundt 25 % av etterspurnaden. Skal du starte ein stad, bør du starte med desse.
Tilsvarande som for toppoppgåvene finst det veldig mange oppgåver som berre nokre få – eller ofte ingen – er opptekne av. Dette er mikrooppgåvene.
Dessverre bruker mange organisasjonar like mykje ressursar – og ofte meir – på å løyse mikrooppgåvene som på å løyse toppoppgåvene.
For eksempel hadde Microsoft.com på eit tidspunkt 10 millionar nettsider. Berre 3 millionar av desse sidene hadde nokon gong blitt sett av andre enn den som laga dei. Dei 7 millionar sidene som ingen trong, førte til overfylte menyar og søkeresultat, slik at det blei vanskelegare for brukarane å få løyst toppoppgåvene.
Du bør derfor overvake mikrooppgåvene, slik at du kan jobbe med å slette unyttig innhald.
Nokre mikrooppgåver kan vere viktige for nokre få brukarar. For eksempel kan ei lita brukargruppe i NAV ha eit heilt spesielt behov som er viktig for dei det gjeld.
Ressursbruken på desse oppgåvene må likevel vegast mot toppoppgåvene. Gjeld det berre nokre ytterst få, kan du kanskje heller be dei ringe enn å lage ei omfattande sjølvbeteningsløysing.
I tillegg til etterspurnaden etter toppoppgåver bør du også måle gjennomføringsgraden for dei ulike oppgåvene.
Gjennomføringsgraden er delen av brukarane som rapporterer at dei fekk løyst ei gitt brukaroppgåve. Dette er eitt av dei beste måltala du kan ha på om produktet eller tenesta di fungerer eller ikkje.
Har du ei toppoppgåve med låg gjennomføringsgrad, veit du kvar du bør sette inn ressursane.
Det finst fleire innfallsvinklar til å kartlegge toppoppgåvene:
Slår du saman desse statistikkane, vil du sjå eit veldig tydeleg mønster: toppoppgåvene dine.
Bok av Gerry McGovern (Silver Beach, 2015).
Eit norskutvikla verktøy for å måle etterspurnad og gjennomføringsgrad for toppoppgåver i digitale løysingar.
Bruk toppoppgåvene til å velje kjernar saman med dei som bestemmer.
Nye malar, eksempel frå kjerneverkstader og praktiske KI-grep, rett i innboksen. Vil du heller lese boka? Første kapittel er gratis.
Kontakt Lurer du på korleis de kan bruke kjernemodellen, eller treng de hjelp med ein kjerneverkstad? Ta ein uforpliktande kaffiprat.