Planlegg ein kjerneverkstad
Kven skal vere med, kva skal førebuast, og kor lang tid tek det?
Kjernemodellen / Kjerneverkstad
Konkrete øvingar for oppstart, deling undervegs, kjerneinnhald og oppfølging.
Du bør starte kjerneverkstaden med å annonsere fullt mobilforbod. Det vil seie at alle mobilar skal ligge i sekken eller på eit «mobilhotell».
Du kan eventuelt vise til at forskingsstudiar viser at den kognitive kapasiteten blir redusert når mobilen ligg synleg på bordet. Sjå Brain Drain: The Mere Presence of One’s Own Smartphone Reduces Available Cognitive Capacity (Adrian F. Ward, Kristen Duke, Ayelet Gneezy og Maarten W. Bos).
Enkelte øvingar kan vere litt hektiske, så det er viktig at alle har fullt fokus på det som skal skje. Hugs å sette av godt med pausar, slik at folk får tid til å sjekke e-post og sosiale medium.
Tid: 5 minutt.
Når: Inndeling i kjernepar.
Har de ikkje bestemt kjernepara på førehand, kan de gjere det på denne måten:
Prinsipp for inndeling i kjernepar
Les meir om kvifor og korleis under Kjernepar.
Når: I samband med inndeling i kjernepar.
Tidsbruk: 20 minutt.
Materiell
Har de ikkje prioritert kjernane på førehand, kan de følge denne framgangsmåten:
Vil de gjere grundigare forarbeid, sjå Prioriteringsverkstad.
Tid: 5 minutt.
Når: Gjennom heile dagen.
Du bør oppmode til deling fleire gonger i løpet av kjerneverkstaden. Det går føre seg ved at to kjernepar snur seg mot kvarandre og forklarer kvarandre kva dei har gjort så langt. Bruk timar, og be dei byte rolle etter 2 minutt.
Tid: 5 minutt.
Når: Før mobilprioritering.
Ta ein pause i arbeidet, reis dykk opp og gå i stillheit rundt og «stel» idear frå dei andre kjernepara.
Fem kvifor: Spør «kvifor?» fleire gonger på rad for å finne ut om målet eigentleg er eit verkemiddel. Sjå eksempelet frå varsom.no under Mål for løysinga.
Tid: 30–60 minutt.
Når: Kjerneinnhald.
Her er ein enkel variant av ein kreativ designprosess for å fylle ut Kjerneinnhald:
1. Idémyldring (5–15 minutt)
La ideane flomme rundt innhaldselement, visualiseringar og funksjonalitet som de meiner kan bidra til å løyse brukaroppgåvene og nå måla. De kan for eksempel lage lister eller bruke gule lappar i eit digitalt samarbeidsverktøy.
2. Velje dei beste ideane (5–10 minutt)
Når de har tømt dykk for idear, kan de prioritere kva som er viktigast. Start med å nummerere elementa. Skriv 1 på det elementet de absolutt må ha med viss de berre kunne velje eitt. Skriv 2 på det neste som må vere med viss de kunne fått med eitt til. Hald fram til de har ei prioritert liste over alle elementa som må vere med i løysinga.
3. Konkretisere løysinga (15–30 minutt)
Ta stilling til kva kanal løysinga skal presenterast i, og lag ei skisse av korleis de ser for dykk løysinga. De skal ikkje lage den ferdige løysinga, men eit mest mogleg konkret utkast. Tenk på det de lagar som ein litt meir detaljert disposisjon eller ein enkel prototype, basert på innhaldselementa de har prioritert.
Tid: 15 minutt.
Når: Før kjerneinnhald.
Kreativitet trivst best med avgrensingar. Når du får ei tydeleg ramme å jobbe innanfor, må du strekke dei kreative musklane for å løyse problemet. 6-opp er ein rask og enkel måte å gjere dette på.
Be først deltakarane teikne tre strekar på kvart sitt A3-ark – to loddrette og éin vassrett – slik at dei får seks omtrent like store felt på arket.
Gi dei beskjed om at dei skal komme med seks idear kvar til korleis kjerneinnhaldet kan løysast, og at dei får to minutt per idé.
For kvart felt på arket gir du deltakarane ei ramme med nokre stikkord og set nedteljinga på to minutt. Kvar enkelt deltakar skal så finne ein måte å løyse kjerneinnhaldet på innanfor ramma.
Nokre typiske stikkord og rammer:
Be kjernepara dele dei beste ideane sine med kvarandre og jobbe vidare med den beste. Dei kan gjerne ta inn element frå fleire av løysingsforslaga.
Tid: 20 minutt.
Når: Etter kjerneinnhald.
Å tenke innanfor ramma av ein mobilskjerm tvingar dykk til å prioritere tekstar og innhaldselement. Dei fleste digitale produkt og tenester blir også brukte på mobile einingar, og når du har prioritert innhaldet for ein mobilskjerm, blir det også lettare å prioritere på desktop og andre flater.
Mobilprioriteringa fungerer også godt for å presentere løysinga i plenum mot slutten av kjerneverkstaden.
Handlingskortet er eit enkelt format som kan brukast for å konkretisere tiltaka etter kvart som dei dukkar opp i kjerneverkstaden.
Eit handlingskort har fire felt:
Vel ein person som er ansvarleg for å fylle ut korta, gjerne prosjektleiaren. Vedkommande må etterpå legge inn tiltaka i rett backlog og sikre at dei blir følgde opp.
Kjernepara kan også fylle ut sine eigne handlingskort parallelt med at dei jobbar med elementa i kjernemodellen.
Tips
Når de blir einige om å prioritere eit tiltak, kan du bruke handlingskortet med ein gong. Få tiltaket ned på papiret og ver konkret på korleis det skal gjennomførast. Prioriteringskonfliktar kan vi løyse seinare. Det viktigaste er å utnytte momentet for handling når det oppstår!
Meir om formatet og malar til utskrift finn du under Handlingskort.
Kven skal vere med, kva skal førebuast, og kor lang tid tek det?
Instruksjon, timar, deling og korleis du får grupper laus.
Heildag, halvdag og tre digitale økter, med minutt per felt.
Nye malar, eksempel frå kjerneverkstader og praktiske KI-grep, rett i innboksen. Vil du heller lese boka? Første kapittel er gratis.
Kontakt Lurer du på korleis de kan bruke kjernemodellen, eller treng de hjelp med ein kjerneverkstad? Ta ein uforpliktande kaffiprat.