Kjernemodellen

Planlegging

Her er dei praktiske førebuingane du må gjere for å gjennomføre ein vellukka kjerneverkstad.

Deltakarar

Ein kjerneverkstad passar best for 6–14 deltakarar. Utgangspunktet er gjerne at du vil samle teamet eller prosjektet som jobbar med løysinga til kjerneverkstaden, men de bør også hente inn andre perspektiv. De vil alltid vere avhengige av innspel frå andre avdelingar og fagområde. De treng innsikta og kompetansen deira, og det gir dykk eit meir heilskapleg perspektiv på det de lagar. I tillegg skaper det betre kommunikasjonsliner internt.

Val av kjernar

Dei beste resultata får du viss du har valt dei rette folka til å jobbe med dei rette kjernane. Ideelt sett skal de jobbe med dei aller viktigaste kjernane i løysinga.

Prioritering og val av kjernar

De kan jobbe med éin eller fleire kjernar i ein kjerneverkstad. Viss alle kjernepara jobbar med den same kjernen, får de fleire innfallsvinklar. Du kan også fordele fleire kjernar på ulike kjernepar.

Kva kjernar de vel å jobbe med, påverkar også samansettinga av kjernepara. Det er fordi den eine i kjerneparet bør kjenne temaet for kjernen godt, medan den andre bør bringe inn eit anna perspektiv.

Kjernepar

Grunnprinsippet i ein kjerneverkstad er å jobbe i kjernepar, altså to og to saman.

Lokale

Uansett om de jobbar digitalt eller på papir, treng du eit lokale med god lufting og god plass. Du kan bruke mange ulike oppsett av rommet. Klasseromsoppsett er mest vanleg, men hestesko-, rundbords- eller møteromsoppsett fungerer også fint. Det viktigaste er at det er lett å jobbe to og to, og at det er god plass til å bevege seg mellom borda undervegs.

I tillegg til eit godt lokale treng du

  • projektor
  • rikeleg med kaffi, te, frukt, vatn, sjokolade og nøtter

Støttemateriell

Du kan bruke ulike typar støttemateriell undervegs, for eksempel

  • bordkort med namn, rolle og avdeling
  • oversikt over dei viktigaste brukaroppgåvene
  • oversikt over dei viktigaste måla for løysinga
  • personaer, scenario, user stories eller liknande
  • relevante utsnitt frå kundereise og aktørkart
  • søkelogg, søkeordanalyse, webstatistikk og toppoppgåveundersøking

Viss de jobbar med penn og fysiske kjerneark, treng du også

  • utskrifter av kjerneark i A3-format, 2 per kjernepar
  • utskrifter av mobilprioriteringsark i A4-format, 3 per kjernepar
  • utskrifter av handlingskort i A5-format, 10 per kjernepar
  • gode tusjar/pennar
  • ein vegg til å henge opp kjerneark på

Malar

Viss du har tilgang til A3-fargeskrivar, kan du skrive ut to kjerneark til kvart kjernepar.

Kjerneark, fargar (PDF)

Har du ikkje tilgang til A3-fargeskrivar, kan du skrive ut kjernearket i svart-kvitt.

Kjerneark svart/kvitt (PDF)

Spørsmål og svar

Kva om nokre av deltakarane må jobbe digitalt?

Det er mogleg å gjennomføre kjerneverkstad i ein hybrid variant. I så fall bør du velje for kvart kjernepar om dei skal jobbe digitalt eller analogt. Viss dei jobbar digitalt, bør den av kjernepartnarane som er fysisk til stades, flytte seg til eit anna rom.

Nyheitsbrev

Få fagstoff om kjernemodellen og kvardagsinnovasjon med KI

Nye malar, eksempel frå kjerneverkstader og praktiske KI-grep, rett i innboksen. Vil du heller lese boka? Første kapittel er gratis.

Fagstoff om kjernemodellen og kvardagsinnovasjon med KI, nokre gonger i månaden. Du kan melde deg av når du vil.

Are Halland Kontakt

Snakk med Are

Lurer du på korleis de kan bruke kjernemodellen, eller treng de hjelp med ein kjerneverkstad? Ta ein uforpliktande kaffiprat.