Kjernemodellen

Strategi

For å bruke kjernemodellen rett må du kjenne strategien.

Ta strategien ned på jorda

Målet med kjernemodellen er ikkje å finne opp strategien på nytt, men å ta han ned på jorda og gjere han relevant, konkret og forståeleg.

Det får vi til ved å sjå dei overordna måla i strategien i lys av den delen av løysinga vi jobbar med akkurat no.

Ved å lage mål for éin konkret kjerne kan vi lage ein mikrostrategi som er enklare å forhalde seg til.

Men før vi kan definere måla for ein konkret kjerne, må vi også vite kva den overordna strategien er.

Mål for løysinga

Kva ønsker du å oppnå? Slik bryt du ned strategien til konkrete og målbare mål for éi løysing, med eksempel frå bilforsikring, Kreftforeningen, varsom.no og Deichman.

Slik gjer du det

Les strategidokumenta og noter deg kva mål og målgrupper som er mest relevante for det du jobbar med.

I enkelte verksemder kan det vere vanskeleg å vite kva som eigentleg er strategien:

  • Viss du har ein svevande og uforståeleg strategi, må du jobbe med å finne dei delane som er relevante.
  • Viss strategien ligg i ei skuff, må du hente han fram og gjere det same.
  • Viss du manglar ein strategi, må du lage ein.

Gode spørsmål

  • Kva står det i strategien, og kva betyr det eigentleg?
  • Kva er dei strategiske satsingsområda?
  • Kven er dei prioriterte målgruppene?

Relaterte metodar

Business model canvas

Ein framgangsmåte for å jobbe med design av forretningsmodellar, utvikla av Alexander Osterwalder med fleire. Metoden tek utgangspunkt i ei arbeidsflate (også kalla canvas) som ser på samanhengane mellom kanalar, kunderelasjonar, partnarar, aktivitetar, ressursar, kostnadsstruktur og inntektsstraumar. Basert på denne kartlegginga blir det utforma eit verdiforslag for kunden.

Kobling til kjernemodellen

  • Business model canvas er eit godt utgangspunkt for å jobbe med strategi og Mål for løysinga.
  • Verdiforslaget gir deg gode innspel til kva kjernar du bør jobbe med.
  • Når du utformar Kjerneinnhald, jobbar du også med verdiforslaget.

Tilrådd ressurs: Osterwalder m.fl.: Business Model Generation (John Wiley & Sons, 2010).

Jobs to be done

Jobs to be done (JTBD) er eit teoretisk rammeverk med litt ulike tilnærmingar, men grunnleggande handlar det om å identifisere «jobbane» til kundane eller brukarane. Ein jobb er i denne samanhengen eit bakanforliggande brukarbehov som kunden «leiger» eit produkt eller ei teneste for å løyse.

Desse jobbane kan løysast på ulike måtar, og JTBD-tilnærminga handlar om å utvikle og tilpasse produkt og tenester slik at dei løyser jobbane til kundane betre. Ein jobb kan ha fleire nivå. For eksempel kan eit grunnleggande behov (gjerne kalla aspiration eller big jobs i JTBD) komme til uttrykk gjennom konkrete brukaroppgåver (gjerne kalla little jobs eller micro jobs).

Koblingar til kjernemodellen

  • Brukaroppgåvene du jobbar med i kjernemodellen, er som regel jobbar på eit lågare nivå (little jobs / micro jobs).
  • JTBD kan også vere eit godt rammeverk for å jobbe med strategi, brukarbehov og prioritering av kjernar i forarbeidet til ein kjerneverkstad.

Tilrådd ressurs: Jim Kalbach: The Jobs To Be Done Playbook (Two Waves, 2020).

Objectives and Key Results

Objectives and Key Results (OKR) er eit målstyringsverktøy utvikla i Google. Systemet består av eit enkelt målhierarki som eignar seg godt til å skape eigarskap og engasjement rundt målbare mål i organisasjonen.

Eit Objective er eit ambisiøst, overordna mål – gjerne kalla ein ambisjon – som gir ei kvalitativ skildring av kva teamet ønsker å oppnå. Key Results er dei målbare nøkkelresultata som viser om teamet er på veg mot ambisjonen.

Kobling til kjernemodellen

Både Objective og relevante Key Results bør vere med i Mål for løysinga.

Tilrådd ressurs: Christina Wodtke: Radical Focus (2nd edition) (Cucina Media, 2021).

Prioriteringsverkstad

Ein prioriteringsverkstad er eit workshopformat der folk med kundeinnsikt og folk med avgjerdsmynde jobbar saman om å velje ut dei viktigaste kjernane innanfor eit kjerneområde.

Eit kjerneområde kan for eksempel vere eit strategisk satsingsområde, eit område av intranettet, ein heil nettstad eller ein større del av ei kundereise.

Forarbeidet til workshopen består i å kartlegge viktige strategidokument og skaffe innsikt i brukarbehova. Basert på dette prioriterer de mål, målgrupper og brukaroppgåver og vel ut kva kjernar det bør jobbast med. Til slutt kan de planlegge samansetjinga av kjernepar og gjennomføringa av sjølve kjerneverkstaden.

Kobling til kjernemodellen

Metoden er utvikla av bokforfattarane og blir gjerne brukt som forarbeid til ein kjerneverkstad. Les meir under Prioriteringsverkstad.

Nyheitsbrev

Få fagstoff om kjernemodellen og kvardagsinnovasjon med KI

Nye malar, eksempel frå kjerneverkstader og praktiske KI-grep, rett i innboksen. Vil du heller lese boka? Første kapittel er gratis.

Fagstoff om kjernemodellen og kvardagsinnovasjon med KI, nokre gonger i månaden. Du kan melde deg av når du vil.

Are Halland Kontakt

Snakk med Are

Lurer du på korleis de kan bruke kjernemodellen, eller treng de hjelp med ein kjerneverkstad? Ta ein uforpliktande kaffiprat.