Kva er ein kjerne?
Det beste svaret på ei konkret brukaroppgåve som samtidig når eit mål for verksemda. Ein kjerne kan vere ei nettside, eit skjema, ein video, ein telefonsamtale, eit brev eller eit svar frå ein chatbot.
Kva kostar det å bruke kjernemodellen?
Ingenting. Kjernemodellen er lisensiert under Creative Commons BY-SA 4.0. Du kan bruke og endre han fritt, så lenge du viser til kjelda og deler endringar på same vilkår.
Kor lang tid tek ein kjerneverkstad?
Helst ein heil dag, minst ein halv. Digitalt tilrår vi tre økter på 90–120 minutt. Sjå ferdige agendaer.
Kor mange bør vere med?
Seks til fjorten deltakarar er idealet, gjerne partal, med ein til to fasilitatorar. Men ein kjerneverkstad kan også vere to personar.
Kan eg bruke kjernemodellen åleine?
Ja. Står du fast, kan du fylle ut eit kjerneark sjølv. Du får meir kontroll på kva du held på med. Prøv det digitale kjernearket.
Treng vi ein prioriteringsverkstad først?
Som regel. Utan prioritering risikerer de å jobbe med feil kjernar. To timar med dei som bestemmer, er ofte nok. Sjå prioriteringsverkstad.
Fungerer det for intranett, appar og kundeservice?
Ja. Kjernemodellen er kanaluavhengig. Han er brukt til nettstader, intranett, appar, kundeservice, kampanjar, brev og KI-assistentar.
Kva er skilnaden på kjernemodellen og ei kundereise?
Ei kundereise viser heile løpet. Kjernemodellen zoomar inn på eitt kontaktpunkt og ser det i samanheng. Dei fungerer godt saman: bruk kundereisa til å peike ut kjernane.
Papir eller Miro?
Begge fungerer. Papir gir energi og fridom, digitalt gjer at de kan skrive og dele. La gjerne para velje.
Kvar lærer eg å fasilitere?
Les fasiliteringsguiden og tipsa, eller ta ein masterclass og bli sertifisert.
Kvar kjøper eg boka?
Direkte frå forlaget på kjernemodellen.no/boka, eller i bokhandelen.
Finst kjernemodellen på engelsk?
Ja, som The Core Model på thecoremodel.com, med gratis bok.
Fann du ikkje svaret? Skriv til are@kjernekaren.no.