Kjernemodellen

Parskriving

Ein metode for å utvikle godt innhald i tverrfagleg samarbeid.

Det er naturleg å bruke parskriving i forlenginga av ein kjerneverkstad, gjerne som ein dag to i etterkant. Parskriving med kjernemodellen fungerer også godt som ein del av den daglege drifta.

Pingpongproblemet

Godt innhald må vere lett å forstå, men det må samtidig vere korrekt. Dei som jobbar med formidling og klarspråk, er derfor avhengige av innspel frå fagekspertar, advokatar og saksbehandlarar, og gjerne også godkjenning frå leiinga.

Produksjon av innhald blir derfor ofte litt som pingpong: Ein av partane skriv eit utkast, som går fram og tilbake på e-post med endringar, kutt og tillegg. Resultatet blir kanskje eit litt dårleg kompromiss.

For å lage godt innhald må vi samarbeide. Vi treng både brukarinnsikt, fagekspertise og klarspråk. Problemet er når vi er låste i rollene våre og endar opp med å krangle om eigarskapen. Ingen liker heller å få tekstane sine slakta med raudpenn av andre.

Parskriving som alternativ

Parskriving er eit betre alternativ. Metoden er inspirert av parprogrammering, ein smidig utviklingsteknikk der to programmerarar jobbar saman om å skrive kode. Ein skulle tru det var ineffektivt, men faktum er at kodinga går fortare og gir færre feil.

På same måte er parskriving eit effektivt alternativ til pingpong. Når fagekspertar og kommunikatørar sit saman og skriv, kan dei lage både første, andre og tredje utkast samtidig. Samtidig byggjer dei tillit og forståing for kvarandre og får felles eigarskap til resultatet.

Felles forståing først

For at parskriving skal fungere godt, må de etablere ei felles forståing av konteksten og brukarbehova før de begynner å skrive. Når de skal parskrive med kjernemodellen, begynner de derfor med å fylle ut kjernearket saman.

Koblingar til kjernemodellen

  • Å jobbe med Kjerneinnhald er parskriving i praksis, der eit kjernepar jobbar vidare med ein tekst basert på ei felles forståing gjennom kjernemodellen.
  • Det er naturleg å bruke parskriving i etterkant for å gjere ferdig innhaldet de starta på i kjerneverkstaden.
  • De kan også bruke metoden når som helst som ein del av dagleg drift og innhaldsforvaltning.

Slik gjer du det

  • Begynn med å fylle ut kjernearket saman.
  • Set dykk saman ved ein felles skjerm og byt på å skrive.
  • Den som ikkje skriv, kan lese høgt, stille spørsmål, foreslå endringar og sjå innhaldet frå eit brukarperspektiv.
  • Byt roller ofte, slik at de skriv omtrent like mykje kvar.
  • Er de fleire kjernepar som jobbar samtidig (for eksempel i samband med ein kjerneverkstad), kan de også ta opp tekstane i plenum og få tilbakemeldingar undervegs.
  • Til slutt skriv de handlingskort på det neste som skal skje, for eksempel å publisere med ein gong, brukarteste innhaldet eller få fleire tilbakemeldingar.
  • Oppsummer kva som gjekk bra, og kva de kan gjere betre neste gong.
  • De kan også bruke ein minivariant av kjernemodellen som er særleg utforma for parskriving. Han finn du på kjerne.link/minimal.

Tips og relaterte metodar

  • Når de har eit ferdig tekstutkast, kan de gjere ein mikrotest for å finne ut om innhaldet er forståeleg og løyser brukaroppgåvene.
  • De bør alltid følge prinsippa for god nettskriving og klarspråk. Desse finn du på kjerne.link/klarspraak.

Tilrådde ressursar

Nyheitsbrev

Få fagstoff om kjernemodellen og kvardagsinnovasjon med KI

Nye malar, eksempel frå kjerneverkstader og praktiske KI-grep, rett i innboksen. Vil du heller lese boka? Første kapittel er gratis.

Fagstoff om kjernemodellen og kvardagsinnovasjon med KI, nokre gonger i månaden. Du kan melde deg av når du vil.

Are Halland Kontakt

Snakk med Are

Lurer du på korleis de kan bruke kjernemodellen, eller treng de hjelp med ein kjerneverkstad? Ta ein uforpliktande kaffiprat.