Kjernemodellen

Prioritering og val av kjernar

Finn ut kvar du vil starte. Kva er kjernane dine?

Kort oppsummert

  • Kjernemodellen tar utgangspunkt i kjernane dine – dei viktigaste møtepunkta mellom verksemda og brukarane, der du må løyse oppgåvene til brukarane for å nå dine eigne mål.
  • For å bruke kjernemodellen godt må du ha kontroll på strategien din og behova til brukarane. Kjernane dine finn du der desse to overlappar.
  • Når du har bestemt deg for eit utgangspunkt, er du klar for å bruke kjernemodellen.
Kva er viktigast?
Eksempel på kjernar
  • Då Telenor skulle redesigne nettsidene sine for nokre år sidan, valde dei ut Mobilt breiband som det første kjerneområdet, fordi dette var eit strategisk satsingsområde (eller ein "must-win-battle", som dei kalla det den gongen).
  • NVE tok for seg flaum og skred på tvers av nettsidene på nve.no og varsom.no, fordi det var eit initiativ på gang for å jobbe med ein flaumskule.
  • Då DNB jobba med å redesigne nettsidene sine, valde dei å jobbe med bustadlån i ein eigen kjerneverkstad, fordi dette var det mest komplekse produktet. I ein annan kjerneverkstad tok dei for seg alle dei andre produktområda.
  • Politiet tok utgangspunkt i eit strategisk satsingsområde - førebygging - for å sjå korleis dei digitale kanalane kunne levere på denne strategien.

Bruk gjerne andre metodar

Ofte er utgangspunktet og kjerneområdet gitt ut frå metoden vi jobbar etter.

For eksempel:

  • Det kan vere eit verdiforslag viss de jobbar med eit Business Model Canvas
  • Det kan vere eit “Strategic Bet” eller eit “Initiative” viss de jobbar med Lean Value Tree
  • Det kan vere ein “MVP” viss de jobbar med Lean Startup
  • Det kan vere ei “livshending” viss de jobbar i det offentlege med utgangspunkt i digitaliseringsstrategien til regjeringa
  • Det kan vere eit kontaktpunkt eller ein fase i kundereisa viss de jobbar med tenestedesign
  • Det kan vere ein “User story” viss de jobbar med Agile/Scrum
  • Det kan vere eit “Marknadsproblem” viss de brukar FINN-metodikken
  • Det kan vere ein “Job to be done” viss de jobbar med det perspektivet

Dei som jobbar med desse tilnærmingane, veit godt kva det handlar om, så vi skal ikkje forklare alle desse omgrepa her. Kjernemodellen er i prinsippet uavhengig av det metodiske rammeverket, og kan uansett vere eit godt utgangspunkt for å konkretisere og prioritere løysingar i samarbeid.

Slik gjer du det

  • Bestem deg for eit utgangspunkt. Kva kjerne eller kjernar vil du starte med?
  • Viss du er usikker, kan du gjennomføre ein prioriteringsverkstad for å finne det ut.
  • Lag ei enkel beskriving av kjernen. Set gjerne beskrivinga i «hermeteikn», så veit du at du kan endre ho seinare.

Gode spørsmål

  • Kva er aller viktigast for brukarane?
  • Kva er aller viktigast for verksemda?
  • Kvar overlappar dei viktigaste behova for begge partar?
  • Klarer du å lage ei kanaluavhengig beskriving av kjernen, i tilfelle den beste løysinga viser seg å vere noko anna enn du trudde i utgangspunktet?

Kundereise

Kickstart-workshop

Business model canvas

Velje kjernar

Nyheitsbrev

Få fagstoff om kjernemodellen og kvardagsinnovasjon med KI

Nye malar, eksempel frå kjerneverkstader og praktiske KI-grep, rett i innboksen. Vil du heller lese boka? Første kapittel er gratis.

Fagstoff om kjernemodellen og kvardagsinnovasjon med KI, nokre gonger i månaden. Du kan melde deg av når du vil.

Are Halland Kontakt

Snakk med Are

Lurer du på korleis de kan bruke kjernemodellen, eller treng de hjelp med ein kjerneverkstad? Ta ein uforpliktande kaffiprat.